Normal

Eplemost på tre stjerners restaurant

SAUHERAD (NRK): Fruktdyrkar Tone Ness frå Sauherad fekk ein overraskande telefon frå hovmeisteren på restauranten Maaemo etter å ha levert ei flaske eplemost i døra.

Tone Ness med eplemost frå Nordre Nes i Sauherad

SMAKTE PÅ EPLE: Tone Ness smakte seg fram til eple som blei eplemost på restauranten Maaemo med tre stjerner i Michelinguiden.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

– Eg hugsar godt første gongen eg fekk smake på eplemosten. For meg som har sprunge rundt i eplehagar i Sandefjord, så eg kjenner godt til det å skulle ta det første modne eple ned frå treet. Den smaken der sat for oss alle, seier Benjamin Ausland.

Han er hovmeister på den heiløkologiske restauranten Maaemo i Oslo, den einaste restauranten i Noreg med tre stjerner i Michelin guiden.

Les også: Lager «trestjerners» saft

Leita etter eple som smakte godt

Benjamin Ausland

MAAEMO: Hovmeister Benjamin Ausland får tilbod om mange produkt på døra i restauranten.

Foto: Øzgur Tufan / NRK

– Eg gjekk litt rundt i eplehagen og smakte meg fram til kor det var best eple. Og så fann eg eit felt der eg synest epla smakte ekstra godt, seier Tone Ness.

Ho er bonde på Nordre Nes i Sauherad og har drive med økologisk dyrking av frukt sidan 2001. Men i år er det første gongen det blir laga eplemost av epla på garden.

– Eg synest eplemosten blei ekstra god, og at vi hadde treft på smaken. Den var både søt, syrleg og smaksrik, seier Ness.

Det er produsert fem tusen flasker av fem sortar eple på Nordre Nes, og etikettar blei laga av grafisk designer Hilde Mork for å fortelje litt om historia til garden.

Etter på tok Tone og sambuaren ein tur til Oslo for å forsøke å selje eplemosten til butikkar og restaurantar som sel økologiske produkt.

– Eg leverte også ei flaske til Maaemo i full fart, utan å snakke så mykje med dei. Og tenkte ikkje meir på det.

Difor vart ho overraska når det kom ein telefon frå tre stjerners restauranten om at dei likte eplemosten.

Gjorde rett val i eplehagen

Eplemost frå Nordre Nes i Sauherad

NORDRE NES: Etiketten på flaska er laga av grafisk designer Hilde Mork.

Foto: Hilde Mork

Hovmeister Benjamin Ausland ved Maaemo seier dei er på leit etter nisjeprodukt som kan passe inn i matprofilen dei har på den økologiske restauranten. Og det er mange som gjerne vil tilby deira produkt.

– Eg hugsar godt at eg fekk besøk av Tone med ei flaske i døra. Vi er gjerne tre personar som set oss ned mot slutten av veka for å smake på alle produkta vi får tilbod om.

For Tone Ness var telefonen frå Maaemo ei stadfesting på at ho hadde gjort eit rett val i eplehagen.

– Det var veldig gøy å få tilbakemelding på at vi har eit godt produkt. Så vi vil fortsette med å lage eplemost til neste år, og kanskje auke produksjonen litt, seier Ness.

Fem sortar eplemost frå Nordre Nes i Sauherad

EPLEMOST: Det blei laga eplemost av fem sortar økologiske eple frå Nordre Nes i sommar.

Foto: Tone Ness