Hopp til innhold

Enklare for utanlandske arbeidarar å jobbe lovleg

Skatteetaten lanserer eit nytt verktøy som gjer det enklare for utlendingar som kjem til Noreg for å jobbe.

Skatteetaten

ILLUSTRASJON: No er skattekort for utanlandske arbeidarar berre nokre tastetrykk unna.

Foto: Skatteetaten

Trude Husevåg

Avdelingsdirektør skatteetaten Trude Husevåg.

Foto: Skatteetaten

Mange har utfordringar med å finne vegen inn i det norske systemet. Me har difor utvikla ein vegvisar som steg for steg tek deg gjennom prosessen i Skatteetaten, seier avdelingsdirektør Trude Husevåg i Skatteetaten.

Husevåg har hatt ansvaret for det nye verktøyet som har vore under arbeid i omkring eitt år no. Sjølv er ho overraska over kor enkelt verktøyet har blitt.

Les også: – Titusener ulovlig i Norge – frykter flere bransjer ødelegges av svart arbeid

Skreddarsydd informasjon

– Ved å svare på mellom fire til seks spørsmål får ein no skreddarsydd informasjon om korleis ein skal kome seg i lovleg arbeid, seier ho.

Alle som skal jobbe i Norge må ha skattekort. Mens nordmenn kan ordne dette ved hjelp av nokre tastetrykk på nett, er prosessen meir omfattande for utanlandske arbeidstakarar. Det krev blant anna personleg oppmøte.

No kan også utanlandske arbeidarar starte denne prosessen heime i stua si.

Ved å forenkle denne prosessen håpar Husevåg at færre utanlandske arbeidarar blir feilinformert, og at færre tyr til svart arbeid.

  • Det nye verktøyet finn du her

Fryktar ikkje språkvanskar

Verktøyet kjem berre ut på Norsk og Engelsk, men det meiner Husevåg ikkje blir eit stort problem.

– Enkle brukarundersøkingar me har gjennomført viser at over 90 % klarar å forstå informasjon dei får på engelsk. Dessutan har me gjort språket i verktøyet så enkelt og forståeleg som mogleg, i tillegg til at du får ordforklaringar på dei vanskelegaste orda, seier ho.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark