Hopp til innhold

Eliteutdanning blir lagt ned

Eliteutdanninga Tekniske og Allmenne fag ved Porsgrunn videregående skole kan bli lagt ned. Til hausten blir det ikkje tatt opp nye elevar.

Porsgrunn videregående skole

Det blir ingen ny TAF-linje ved Porsgrunn videregående skole. Dei som har søkt linja har fått tilbod om å søke på andre linjer.

Foto: Jannicke Møller Andersen / NRK

I år var det 25 elevar som søkte den populære utdanninga der man etter fire år på vidaregåande sitter igjen med både fagbrev og full studiekompetanse.

Det andre ungdommar gjør på sju år, gjør dei såkalla TAF- elevane på fire.

Ola Thorsen, elev TAF Porsgrunn videregående

Ola Thorsen, TAF elev.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Men fordi Porsgrunn videregående skole, som må ha læreplassar til minst 13 elevar, berre fekk 8 læreplassar, så har hovudutval for kompetanse vedtatt å ikkje ta inn nye elevar til hausten, fordi utdanninga blir for dyr.

Bedriftene tok initiativet

Ola Thorsen er snart ferdig med sitt første år som TAF elev.

– TAF er opphavleg ei linje som blei oppretta av bedriftene fordi dei såg behovet for ingeniørar som i tillegg hadde praktisk erfaring og kunnskap. Og kan ikkje sjå at det behovet har gått ned.

Elisabeth Koren Halvorsen, elev TAF Porsgrunn videregående

Elisabeth Koren Halvorsen, TAF elev.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Han får støtte av Elisabeth Koren Halvorsen.

– Eg skjønar det med tanke på at vi er i oljekrisa nå. Men eg syntest det er dumt med tanke på framtida for desse unge elevane som har lyst til å gjere det godt på skulen. Som vil fortsette å utvikle seg å bli forskarar og kanskje leiarar også.

Andre vegar til målet

Det er politikarane i fylkeskommunen som har bestemt at det ikkje blir tatt inn nye elevar på TAF ordninga til hausten, fordi skolen har fått for få læreplassar i bedrifter i Telemark.

Maja Foss Five, Arbeiderpartiet

Maja Foss Five, leiar i hovudutval for kompetanse.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

– I hovudsak handlar det om at vi ikkje har nok læreplassar. Det er eit flott og eksklusivt tilbod for elevane. Men det er vanskeleg å rekruttere nok bedrifter til at de skal få nok læreplassar, seier Maja Foss Five, som er leiar i hovudutval for kompetanse.

For politikarane og næringslivet er det også andre ting som spelar inn når studiekabalen skal leggast. Five peikar på andre alternativ til målet.

– Vi trur at til dømes det å ta fagbrev først, og så ta eit påbyggingsår for å få studiekompetanse, er ein ny veg. Og det same er Y-vegen på høgskolen. Så det har kome mange nye vegar til målet, og dermed kan TAF ha blitt litt overflødig.

Kompetanse for framtida

Hilde Gunnulfsen, Industrilæring

Hilde Gunnulfsen, Industrilæring.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Det er fleire opplæringskontor som skaffar læreplassar til dei tar ei fagopplæring. Hilde Gunnulfsen i Industrilæring meiner næringslivet i Telemark kome saman og finne ut kva kompetanse dei har bruk for i framtida.

– Det har vore ein kamp kvart år for å skaffe nok læreplassar. Det er ikkje tvil om at Utdanningsdepartementet og Norsk Industri ønskjer eit tilbod for dei som er gode i realfag. Y-vegen er noko ein tar om ein vaknar og ønskjer å gå vidare. TAF er for dei som alt i ungdomsskolen er knallgode på realfag.

Her kan du høyre radioinnslaget:

Her kan du høyre kva Hordaland gjer:

Les meir:

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark