Hopp til innhold

Elevorganisasjonen: – Det er ikkje noko vi jublar for

Fleirtalet i elevorganisasjonen i Telemark seier ja til forslaget om ny skolestruktur i fylket.

Babak Siami

Babak Siami seier det er viktig at så mange elevar som mogleg er fornøgd med ny skolestruktur.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

Fylkesrådmannens innstilling inneber at idrettslinja flyttast til Skien og medielinja til Porsgrunn samt at avdelinga til den vidaregåande skolen i Seljord blir lagt ned.

Leiar i Elevorganisasjonen, Babak Siami, seier det var nesten samrøystes fleirtal for dette, men han forstår at ikkje alle elevane vil bli nøgd.

– Dette er ikkje noko vi jublar for. Men det er noko vi kan sjå på som forståeleg og derfor nødvendig, seier Siami.

Har hatt dialog

Han seier at vedtaket er gjort på ei elevforsamling etter dialog med skolane.

– Det er sjølvsagt nokon elevar som er ueinige. Men det viktigaste er å gjere så mange elevar som mogleg fornøgd, seier Siami.

Han seier det er viktig at elevane for fullføre skolegangen der dei har starta, og at det ikkje blir nedlegging midt i skolegangen.

Vil styrke skolehelsetenesta

Elevorganisasjonen føreset samtidig at kollektivtilbodet og skolehelsetenesta blir betre.

– Dei pengane som blir spart bør brukast til å styrke skolehelsetenesta, seier Siami.

Han fortel at Elevorganisasjonen har fått mange tilbakemeldingar frå elevar om at kollektivtilbodet fungerer dårleg.

– Når linjer skal leggast ned og ei avdeling skal leggast ned er det viktig å sørge for at det bli eit godt tilbod med kollektivtransport til skolen der elevane skal gå.