Lærer å oppdage ungdom med rusproblem

Eit nytt opplæringsprogram skal gjere det lettare for tilsette i skolane i Telemark å oppdage elevar med rusproblem tidleg.

Eva Linn Lilleheil, KoRus Sør

Eva Linn Lilleheil i KoRus Sør seier at opplæringsprogrammet handlar om ungdom og ungdomskultur.

Foto: Stine Hansen Bakkebø / NRK

Opplæringsprogrammet "Kjentmann" gir blant anna ei innføring i samtalemetodikk i forhold til rus.

– Dei tilsette som tar dette kurset vil bli ein ekstra ressurs for elevane, lærarane og foreldre, seier kursansvarleg, Eva Linn Lilleheil ved KoRus Sør.

Ho fortel at "Kjentmann" er eit verktøy for tilsette i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen.

– Det er ein person ved skulen som skal ha litt meir kunnskap om rusmiddel som skal kunne snakke med elevane og vere ein ressursperson.

Lærer om rusmiddel

Lilleheil meiner helsesøster vil vere ein veldig god samarbeidspartnar for den som har gått kurset.

– Dei som har lyst og brenn for å jobbe med ungdom og rus kan bli "Kjentmann" ved skulen.

Opplæringsprogrammet handlar om ungdom og ungdomskultur.

– Dei som går kurset lærer om rusmiddel. Det blir lagt mest vekt på dei vanlege, alkohol og cannabis, men også litt om dei nye syntetiske rusmidla.

Viktig med samtale

To dagar på kurset er sett av til å lære om motiverande samtale, ein samtaleteknikk for å snakke om endring, for å hjelpe folk til å endre seg.

– Og så er det viktig å få vite om kva for ressursar som finst i kommunen og spesialisthelsetenesta som ein kan samarbeide med rundt elevar som slit med rus, seier Lilleheil.

Det blir lagt vekt på å verken overreagere eller oversjå elevar som kan ha eit rusproblem.

– Det viktigaste er å snakke med eleven og finne ut kva som er årsaka til at han eller ho slit. For det kan vere mykje meir enn rus.

Skal bli tryggare

– Kva blir dei trena opp til å sjå, som dei kanskje ikkje visste før dei har gått kurset?

– Det går litt på teikn og symptom, slik som å sjå på pupillar og sjå på åtferd. Til dømes at ein elev brått endrar åtferd og blir veldig sinna.

Det er KoRus Bergen som står bak opplegget, og det er prøvd i KoRus Øst og i Oslo.

– Dei har gode erfaringar. Og nå startar vi opp i Skien, seier Lilleheil.

Det første kurset i november har 17 påmelde. Og målet er at skulane skal bli tryggare i å handtere ungdom som rusar seg.