Fryktar for barnas liv langs denne skulevegen

DALEN (NRK): Foreldre er uroa for barna som må gå forbi den øydelagde vegen i Tokke i Telemark som blei tatt av ras vesle julaftan. Fleire har kontakta kommunen.

Ras ved Eidsborg på fylkesvei 45

RASET: Slik såg det ut då vegen rasa ut i Eidsborgberget på veslejuleftan.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

På vesle julaftan gjekk det eit ras på fylkesveg 45 i Eidsborgberget i Tokke i Telemark. Vegen er stengt og mange må køyre rundt Åmot, men skulebarna må framleis bruke den for å kome seg til skulen.

For elevane ved Vest-Telemark Vidaregåande Skule har redninga blitt to skulebussar. Mellom desse to skulebussane må elevane gå langs sperringane rundt raset.

Då skulen annonserte løysinga på Facebook, reagerte fleire av foreldra.

Men vegvesenet meiner skulevegen er trygg.

– Berget har stått stille sidan dagen raset gjekk, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Kjell Solheim.

Han ber folk ha lit til vegvesenets vurderingar.

– Eg kan forsikre at sikkerheiten er vareteken her.

Då ein del av fylkesveg 45 i Eidsborgberget rasa ut 23. desember, var det tid for å tenke alternativt for å få høysekkar, lårdølar og eidsborgingar til skule og jobb på Dalen.

Aina og Jane på ved forbi rasstaden i Eidsborgberget

Aina Louise Eliassen og Jane Solbu på veg forbi rasstaden i Eidsborgberget. Dei er mest uroa for kulde og glattis i berget.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Minst av mange onder

– Viss ein kjem opp hit og ser så vil ein sjå at det ikkje ser så skummelt ut som ein skulle tru, seier Pernille Sørdal. Ho bur i Eidsborg og jobbar som lærar på vidaregåande på Dalen. No har ho fått i oppdrag å følgje elevane forbi rasstaden og vidare til bussen som står og ventar nedanfor.

– Av fleire onder så er dette absolutt det minste. Skulle me køyre om Åmot ville det teke bortimot ein time, i motsetnad til dei ti minuttane me er vane med at det tek å kome seg på jobb og skule, seier Sørdal.

Pernille Sørdal

Lærar Pernille Sørdal er glad denne løysinga er mogleg. Ho følgjer elevane forbi rasstaden kvar dag.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Gangstigen dei nyttar ligg heilt innmed berget, fleire meter frå kanten der raset har gjenge. Fleire andre lokale vel også å setje att bilen i ovanfor rasstaden og gå ned til Dalen. Nokon born brukar rattkjelkar.

– Det er mest kjedeleg

Elevane sjølve er ikkje prega av frykt der dei trippar av stad langs sperringane i berget. Dei har andre bekymringar.

– Det er mest kjedeleg, seier Aina Louise Eliassen. Ho støttar seg til venninna Jane Solbu på veg nedover glattisen. Ho er heller ikkje redd.

– Det gjer ikkje meg så mykje. Det er kaldt, da. Og glatt, ler Solbu.

Les også: – Flere tusen mennesker vil bli berørt

Forstår uroa

Ordførar i Tokke, Jarand Felland

Ordførar i Tokke, Jarand Felland, forstår at nokon foreldre er uroa, men ber dei stole på vegstellet.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Tokke-ordførar Jarand Felland seier at han har forståing for kvifor nokon meiner løysinga med skulebussane kan verke litt skummel.

– Når ein er der oppe og ser at delar av vegbana plutseleg er borte, så forstår me godt at det skapar litt uro, seier han.

Han vil likevel oppfordre folk til å stole på vurderinga som er gjort av fagfolk.

– Men, me må ta omsyn til fagetaten, som er Statens vegvesen, som seier at det er heilt trygt å gå forbi.