Hopp til innhold

– Elbilar bør bli nekta over fjellet

Vegvesenet meiner elbilar bør bli nekta adgang over fjellet ved kolonnekøyring, fordi dei fryktar at det vil oppstå farlege situasjonar.

Vegvesenet meiner elbilar bør bli nekta adgang over fjellet ved kolonnekøyring, fordi dei fryktar at det vil oppstå farlege situasjonar.

Vegvesenet vil ikkje ha elbilar i køen for kolonnekøyring over fjellet når det er uvêr.

– Køyring på høgfjellet med elbil når det er uvêr, til dømes når det er kolonnekøyring, det er etter vår oppfatning ein risikosport.

Det seier byggeleiar John H. Nilssen hos Statens vegvesen i Telemark.

Er redd farlege situasjonar

John Hans Nilssen, byggeleder Statens Vegvesen

John H. Nilssen i Vegvesenet fryktar at ein elbil skal gå tom for straum under kolonnekøyring på fjellet.

Foto: Kurt Inge Dale / NRK

I uvêr blir bilistane ofte ståande i kø, for å vente på brøytebilen som skal leie kolonnen med bilar over fjellet. I denne køen bør det ikkje stå elbilar, meiner Statens vegvesen i Telemark.

Vegvesenet fryktar at det vil oppstå farlege situasjonar, dersom ein elbil blir ståande utan straum.

– Alle veit jo elbilen sine svake og sterke sider. Ein av dei svake sidene er sjølvsagt straumtilførselen og batterikapasiteten. Dei kan også risikere, saman med andre bilistar, å bli ståande i kø, opptil fleire timar. Og det vil tappe batteria for straum, med den følge at dei kan gå tomme for straum under overfarten i uvêr, seier Nilssen.

Må bruke hovudet

Geir Elsebutangen

Elbilforeininga meiner elbilistar er flinke til å bruke hovudet når dei skal over fjellet.

Foto: Solfrid Leirgul Øverbø / NRK

Geir Elsebutangen er styreleiar i Vestfold og Telemark elbilforeining.

– Som elbilførar må du bruke hovudet. Blir det kø og mykje venting, så må du slå av og heller kle deg godt. Og vere tolmodig og vente som alle andre. Så køyrer du vidare når køen går vidare.

Han meiner Vegvesenet manglar informasjon om korleis elbilistar bruker bilen.

– Når du står stille i ein kolonnekø, så brukar ikkje ein elbil energi til framdrift. Berre til oppvarming av kupéen, mens ein fossilbil har eit heilt anna forbruk av energi ved at den både må halde motoren i gang og varme opp kupéen.

Han meiner det forbruket er det ein større grunn til bekymring.

– Og kanskje bilistar som ikkje er like gode til å planlegge reisa som det elbilistar er. Her må vegvesenet sjå på forbruksmønster og litt kultur blant sjåførar som har elbil kontra sjåførar har bilar med fossilt brennstoff, seier Elsebutangen.

Fryktar for konsekvensane

Elbil - avstand ladepunkt

Elbilen kan søke opp avstanden til ladepunkt i bilen.

Foto: Geir Elsebutangen

– Kva vil det ha å seie dersom ein elbil går tom for straum under kolonnekøyring over fjellet?

– Det bil bety at heile kolonnen må stoppe opp. I beste fall blir elbilen etterlaten på strekninga, seier Nilssen.

– Fryktar vegvesenet for konsekvensane?

– Ja. Viss ein kolonne må stoppe opp under overfarten, så vil vegstrekninga blåse fort igjen, viss ikkje brøytebilen kan køyre framover. Og då risikerer heile kolonnen å bli ståande fast på fjellet, seier Nilssen.

Geir Elsebutangen seier at det stort sett er ein ladestasjon ved inngangen til fjellovergangen.

– Viss du lader elbilen der, viss du er usikker på om du kjem over, så har du meir enn nok straum til å stå i kolonnekø i fleire timar med elbil.

Les også: Vegvesenet snur – lar elbiler kjøre kolonne