Hopp til innhold

Ekspert: – Må gjere seg uerstattelege for å overleve

TINN (NRK) : Lokale nærbutikkar i grisgrendte strøk må tilby meir enn berre sal av brød og mjølk, meiner ekspert. Ein kombinasjon av varer og tenester kan vere vegen å gå i ei tid med aukande netthandel og fråflytting.

Ekspert i Merku seier butikkar må tenke nytt og bli servicesenter. I Tinn tilbyr denne nærbutikken kiting ved sidan av salg av mjølk og brød

MÅ VERE KREATIVE: Sjå korleis Anette Lien og Kenneth Grønstad skaffar seg fleire bein å stå på i butikken.

Det er viktig for oss som driv butikk i ei så lita bygd at me har litt fleire bein å stå på, seier Anette Lien. Saman med Kenneth Grønstad driv ho den lokale nærbutikken Gavelen Fjellhandel i Tinn i Telemark.

Stikkordet er at utkantbutikkar må bli eit servicepunkt

Jon Hidle

Etter opninga i fjor haust har dei tatt store steg for å gjere seg tiltrekkande for lokalbefolkninga og hytteeigarane i område. Ved sidan av daglegvarehandel kan du kose deg på kafe med lokal heimbakst, fylle drivstoff og liknande.

Det største steget er at dei tilbyr kiting på Hardangervidda. Du brukar da eit lite seil som du held deg fast i og blir dratt rundt på ski. På Gavelen Fjellhandel held dei kurs i denne sporten. Sjå video frå kiting på Hardangervidda i botn av saka.

Anette Lien

INNOVATIV: Anette Lien driv den lokale utkantbutikken Gavelen Fjellhandel. Ho leitar heile tida etter nye tenester å tilby i butikken.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Tøffe tider

– Butikkar i bygder med høg fråflytting, og som ikkje har nok hytteeigarar i området til å kompensere, vil få problem. Det same gjeld butikkar med lite forbigåande trafikk, seier Jon Hidle. Han er konsulent i Merkur-programmet, eit statleg program som jobbar for å betre kvardagen for butikkar i utkantstrøk.

Jon Hilde

UROA: Jon Hilde i Merkur-programmet spår tøffe tider for utkantbutikkar

Foto: Merkur-programmet

Hidle trur netthandel også er eit skjær i sjøen, men meiner også at det ligg ein moglegheit for utkantbutikkar i nettmarknaden. Ved å bli eit hentepunkt for varer som er handla på nett av lokale bebuarar i nærområdet, trur Hidle utkanbutikkane vil få sin del av kaka.

– Stikkordet er at utkantbutikkar må bli eit servicepunkt. Der dei tilbyr ei stor bredde av varer og tenester, og ikkje bare sel brød og mjølk slik dei gamle landhandlane gjorde, seier Hidle.

Vil fornye seg enda meir

Tankane dreier seg heile tida omkring korleis me kan forbetre oss, seier Lien.

Snart eitt år ut i drifta tykkjer ho det har gått fint, men er spent på oppsummeringa dei skal ha no til hausten.

Kitekonkurranse på Haugastøl

KITING: Sjå kiting i full aksjon på Hardangervidda.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark