NRK Meny
Normal

Modolf skal delta i revy-NM på Høylandet

ULEFOSS (NRK): Modolf har tatt turen frå Landsmarka til Ulefoss, snart drar han til Høylandet for å delta i revy-NM. Og Kjetil Haatveit skal opp til eksamen same dag.

Kjetil Haatveit skal delta i revy-NM med Modolf

Modolf ser fram til å samanlikne heimebrenten frå Landsmarka med Karsken i Trøndelag når han drar til revyfestivalen på Høylandet.

Det er revyforfattar og artisten Kjetil Haatveit frå Ulefoss som har skapt figuren Modolf frå Landsmarka.

Med denne figuren skal Haatveit delta i revy-NM på Høylandet i Trøndelag. Og ikkje nok med det. For Kjetil Haatveit tar også høgskuleutdanning i revyfag ved høgskolen i Trøndelag.

– Det var eit ønskje om å få litt meir inspirasjon til å skrive betre revytekstar, skape ny figurar og framføre dei betre på scenen, seier Haatveit.

Blei kvalifisert på revyfestival

No nærmare det seg både eksamen og NM deltaking på same dag. Kjetil Haatveit kvalifiserte seg til revy-NM med figuren Modolf på revyfestivalen i Langesund i fjor.

– Så eg får betalt for å køyre 90 mil til Trøndelag. Og viss eg ikkje buset meg der, får eg betalt for å køyre heim igjen også. På revyfestivalen får eg festivalpass og ein teltplass på åtte gonger ti meter, seier Haatveit.

Men sidan han er student og skal opp til eksamen etter siste samlinga er unnagjort, så har dei 17 studentane leigde seg ein barnehage på Høyland der dei kan bu og øve fram til eksamen.

Spennande og hektisk

– Vi har skrive tekstane sjølve, vi har regien og har laga musikken. Og vi skal framføre revyen. Vi skal gjere alt, seier Haatveit.

For det blir hektisk når han kjem til Høyland. Den 2. juli under opninga av revyfestivalen er det først eksamen i revy. Og tre timar etterpå skal han på scenen med Modolf i NM.

– Det blir veldig spennande. Men hektisk, seier Haatveit.

Kva han skal framføre på scenen vi både han og Modolf halde hemmeleg.

– Målet er å finne på nye ting. Det er ein evig kamp å finne på noko som folk ikkje har fått før. Det er ikkje enkelt. Humor er vanskeleg, men moro, seier Haatveit.

Bilen til Modolf

Modolf skal køyre 90 mil til Trøndelag i denne bilen.

Foto: Privat