Hopp til innhold

Eivind Romberg Kvaale (21): – Eg er ikkje skremt

Langrennstalentet Eivind Kvaale Romberg (21) frå Høydalsmo har lagt bak seg den fyrste sesongen i seniorklassen. – Eg er ikkje skremt, seier fyrsteårs senioren.

Eivind Romberg Kvaale

Ein 16.-plass frå Skandinavisk Cup blei høgdepunktet i vinter.

Foto: Privat

Det er mange langrennsløparar som satsar knallhardt, og det kan vere eit trongt nålauge å ta steget frå landstoppen i juniorklassen til eit godt seniornivå. Men Romberg Kvaale meiner at denne sesongen har lært han at det er mogeleg.

– I skøyterennet over 15 kilometer på Beitostølen slo Martin Johnsrud Sundby meg med halvanna minutt. Nokre år til med trening, og det er mogeleg å tette den luka, seier den offensive 21-åringen.

Ujamn sesong

Likevel. Den fyrste sesongen som senior har vore ujamn. Høgdepunktet er ein 16.-plass i sprint i Skandinavisk Cup. Ein 28.-plass og ein 32.-plass på distanse i Skandinavisk Cup får og godkjend. Men etter jul har resultata vore ujamne.

– Det er mogeleg at det i periodar blei for lite kvile og for mange tøffe økter, seier 21-åringen, som på det meste trenar 90 timar i månaden, delt på to økter kvar dag.

Satsar vidare

Eivind Romberg Kvaale

I helga set Eivind Romberg Kvaale punktum for sesongen med femmila i NM.

Foto: Privat

Etter den fyrste sesongen som senior er han motivert til å satse vidare.

– I fyrste omgang ynskjer eg å sjå kor langt eg kan nå i U23. Det tyder minst to sesongar til. Dersom resultata kjem kan det bli mange sesongar.

I vinter har Eivind Romberg Kvaale vore langrennsløpar på heiltid. Han studerer rett nok økonomi ved Høgskulen på Lillehammer, men har ikkje vore på skulen sidan før jul. No blir det ein periode med lesing fram til eksamen i mai og juni.

Team viktig

I fjor haust fekk Eivind Romberg Kvaale plass på regionlaget Team Veidekke Oslofjord. Det er avgjerande, meiner 21-åringen.

– Laget ordnar alt frå påmelding til renn, overnattingar, skipreparering og treningsleirar. Det er og viktig å vere i ei gruppe der eg kan presse meg mot andre på trening, seier Eivind Romberg Kvaale, som har signal om at han er inne i varmen hjå Team Veidekke Oslofjord også neste sesong.

– Så lenge eg er på eit lag er det problemfritt å konkurrere for moderklubben Høydalsmo. Det lokale idrettslaget har vore til stor hjelp opp gjennom åra, og det er viktig for meg å få representere klubben også som senior.

Går femmila i NM

Neste helg avsluttar høysekken sesongen med NM-femmil i Harstad. Høydalsmo har og meldt på lag til lagsprinten, men det er uklart kven Romberg Kvaale får som makkar. Brødrene Ånund og Torgeir Lid Byggland er småsjuke, og løysinga kan bli at Magnus Krog kombinerer ein lagsprint i spesiallangrenn i Harstad med NM i kombinert same helg.

Eivind Romberg Kvaale

Det er viktig for 21-åringen å konkurrere for moderklubben

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK