Hopp til innhold

Det kom eit skip til Porsgrunn frå Ærø

PORSGRUNN (NRK): For snart 70 år sidan kom det eit skip til Porsgrunn, og skipet var lasta med det folk lengta aller mest etter.

Sine af Ærø
Foto: Marstal Søfartsmuseum

Det var det danskeigde skipet Sine frå Århus og Ærø som kom den 5. juni 1945. Skipet var venta, men på kaia var det ingen då skuta omsider klappa til kai.

Jørn Erik Øvald

Jørn Erik Øvald

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Det var ein kald kveld med tåke. Ingen møtte opp på kaia fordi skipet hadde brukt alt for lang tid frå Langesund, så ingen skjønte kor det var, seier Jørn Erik Øvald.

Han er son av Olav Øvald som leiar forsyningsnemnda i Porsgrunn før, under og etter krigen.

– Men etter at skipperen hadde rusla litt rundt i byen og forklart kven han var, og kome i kontakt med dei rette personane snudde stemninga, seier Øvald.

Sine af Ærø sitt besøk i Porsgrunn

Det blei halde taler til ære for dei danske sjømennene som kom med pakkene.

Foto: Marstal Søfartsmuseum

Presten på Ærø

Far til Jørn Erik Øvald hadde ansvaret for å fordele lasta som Sine av Ærø kom med.

Her kan du høyre heile radioreportasjen:

Porsgrunn og Ærø var båe sjøfartsbyar, og båe hadde mange reiarar. Men det var ikkje det som gjorde at Porsgrunn fekk den dyrebare lasta.

– Presten på Ærø hadde ei dotter som var gift i Porsgrunn. Og ho opplevde at foreldra i Danmark hadde meir mat og utstyr enn folk hadde her. Og difor fekk ho faren til å sørge for at det blei pakka 150.000 posar med ulikt innhald som blei samla i sekkar på 16 kilo, seier Øvald.

I pakkene var det flesk, smør, egg og ei rekkje matvarer, pluss klede og sko og gotteri til barna.

Sine af Ærø sitt besøk i Porsgrunn

Bilete frå ein av dei mange selskapa då Sine af Ærø var i Porsgrunn.

Foto: Marstal Søfartsmuseum

Blei kalla danskepakker

Han fortel at det var mange arrangement, mens skipet var i Porsgrunn.

– Og far min held ein tale for dei danske sjømennene under eitt av arrangementa. Han fortalde litt om korleis det var å skaffe mat under krigen, blant anna at mjølka til vaksne personar blei stoppar i 1941, seier Øvald.

Det blei slutt på poteter, og det blei praktisk talt slutt på fisk og kjøtt. Arbeidarane hadde hatt som niste ei skive med kålrot om vinteren. Det var kø over alt

Pakkene med alt slags godt i, blei kalla danskepakkene. Og det tok fire veker å fordele 305 tonn med pakker som var om bord i skipet.

Som takk for gåva sendte Porsgrunn kommune ein dekorert porselensvase til skipsreiaren. Øvald fortel at det finst mange takkebrev frå Porsgrunn på museet i Marstal på Ærø.

Sine af Ærø sitt besøk i Porsgrunn

For barna var det stas å få danskepakker i 1945.

Foto: Marstal Søfartsmuseum

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark