Hopp til innhold

Eit bankande hjarte med mercedesmotor

BREVIK (NRK): Kunstnaren Manfred Evertz har laga eit hjarte med ein mercedesmotor og montert det på eit mercedespanser. Nå vil kunstnaren gjerne delta på ein av verdas største samtidsutstillingar.

Hjertekunst av Manfred Evertz

HJARTEKUNST: Eit hjarteinfarkt fekk kunstnaren Manfred Evertz til å lag skulpturar med hjarteform. No er det blitt ei utstilling.

Foto: Robert Hansen / NRK

Samtidskunstnar Manfred Evertz fekk hjarteinfarkt for 10 år sidan, og etterpå har han vore oppteken av hjarta som tema. Målet no er å koma med på NordArt i den tyske byen Büdelsdorf. Det er ei av dei største utstillingane av samtidskunst i Europa.

– Det materiale som eg brukar til å lage skulpturane er fantastisk, derfor blir det også bruka i Hollywood. Det er ein fantastisk likskap med hud som gjer at det ser veldig ekte ut som kjøtt, seier Evertz.

Hjertekunst av Manfred Evertz
Foto: Robert Hansen / NRK

Hjarteliknande element

Kunstnaren i Brevik er i ferd med å avslutte arbeidet med ein stor installasjon som han har jobba med sidan han fekk hjarteinfarkt for 10 år sidan. Målet hans er å bli tatt opp som ein av 200 kunstnarar som blir plukka ut til å delta på ein av verdas største samtidsutstillingar.

– Denne installasjonen består av hjarteliknande element. Eg er blitt hjartespesialist. Eg fekk hjarteinfarkt og veit no nøyaktig korleis eit hjarte fungerer.

Kvart år blir 200 kunstnarar frå heile verda plukka ut til å delta på NordArt. I fjor var ingen nordmenn med. Manfred håpar han skal bli tatt opp som nordmann i år med installasjonen «Alltid med hjarte til stades».

– Dei liknar veldig fjernt også på hjarteforma.

Hjertekunst av Manfred Evertz

Manfred Evertz fortel om installasjonen som har fått montert ein mercedesmotor.

Foto: Robert Hansen / NRK

Har brukt alle pengane

Det bankande hjarte, som er ein del av installasjonen, har Manfred laga av ein mercedesmotor. Det står montert på eit mercedespanser. Fristen for å melde inn kunst til NordArt er i slutten av november, og så går det nokre veker før beskjeden om ja eller nei kjem.

Manfred Evertz trur ikkje dette er installasjonar folk vil ha heime i stova si.

– Det er eg klar over. Men det finst andre moglegheiter, til dømes om den kjem inn i museum eller store galleri. Då kan det hende at eg får vederlag for å stille ut.

Manfred Evertz har brukt dei pengane han har for å lage installasjonen.

– Eg lever likevel. Og blir glad visst nokon synest det var ein god ide, og får folk til å tenke seg om. Eller at dei kan det litt gøy når dei ser utstillinga. Det er nok.