Hopp til innhold

Einaste bøhering i Cape Town

CAPE TOWN (NRK): Bøheringar, altså folk frå felebygda Bø i Telemark, finn ein mange stader i verda. Dei er litt som irane, klorar seg fast på dei utrulegaste plassane.

Siv Børsheim Stundal

Den einaste bøheringen i Cape Town i Sør-Afrika, Siv Børsheim Stundal, med byen i bakgrunn.

Foto: Privat

Men Siv Børsheim Stundal meiner ho er den einaste bøheringen der ho er. The one and only!

Ho skravlar i veg på velklingande bøhering. Har ikkje gløymt morsmålet etter mange år i utlandet. Og sønene, tre i talet, dei snakkar au bøhering.

Familien til Siv Børsheim Stundal

Ektemannen Dirk, sønene Marcus, Sander, Steffen og Siv sjølv.

Foto: Privat

Einaste fastbuande nordmann som driv reisebyrå

Siv meiner ho er den einaste nordmannen som driv reisebyrå og er fastbuande i Cape Town.

Siv på Table Mountain

Siv og ein apekatt oppe på Table Mountain.

Foto: Privat

Ho jobba mange år som guide, men når barn nummer to kom, blei det vanskeleg å kombinere med morsrolla.

I 2005 starta ho reisebyrået NordSør Travel saman med andre. Ho spesialiserer seg på den norske marknaden, og lagar reiser i Afrika og Madagaskar.

Saknar makrell i tomat og leverpostei

Noko av det norske saknar ho i kvardagen. Dei har gjerne eit lite lager med makrell i tomat og leverpostei heime.

– Ja, ler Siv. Me har stort hus, og det er me nøydt til for me likar å ha besøk.

Guttane hennar reknar seg som norske og sørafrikanske. Dei snakkar norsk og engelsk heime, og i tillegg snakkar dei afrikaans ute. Det lærer dei også som andrespråk på skulen.

Vinter og snø

Norsk vinter er det dårleg med i Sør-Afrika, men Siv og familien er så mykje heime i Norge at ho får med seg ski og vinter.

Akkurat no er det sommar i Sør-Afrika, strålande sol og 28 varmegrader.

Jola skal Siv og familien feire på hytta til systera på Sørlandet. Så ein skitur kan ho kanskje få med seg på Lifjell før ho snur nasen mot sør og returnerer til varmen i Cape Town.

Cape Town

Cape Town er eit svært populært reisemål i Sør-Afrika. Mange nordmenn ønskjer å reise hit, men det er ikkje mange som bur her.

Foto: Anne Lognvik / NRK