Hopp til innhold

Trygg Trafikk: Telemarkingen utan fokus i trafikken

I Telemark og Vestfold gjer ein av tre sjåførar andre ting samstundes som dei køyrer bil. Kvar tiande sjåfør du møter på vegen les eller tastar på mobilen.

Mobil i bil er ok i Sverige men fy i Norge

Ein av ti sjøførar i Telemark brukar mobil utan handfrie tenester.

Foto: ScandinavianStockPhoto

Det syner ei gransking analyseselskapet YouGov har gjort for Trygg Trafikk og Gjensidige.

I Telemark og Vestfold seier 32 prosent av sjåførane at dei gjer andre ting medan dei høyrer bil.

– I fjor omkom 147 personar i trafikken. 674 blei hardt skadde. Dei personlege og samfunnsmessige fylgjene er store både for familie, vener og for lokalsamfunnet, seier Brita Straume i Trygg Trafikk i Telemark.

Mobil er risiko

Distriktsleder i Trygg trafikk Telemark, Brita Straume

Dei personlege og samfunnsmessige fylgjene er store, seier distriktsleiar Brita Straume i Trygg Trafikk.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Resultata i Telemark og Vestfold speglar av dei nasjonale resultata. Granskinga syner at folk både pratar i telefon og sender meldingar medan dei køyrer.

– Det er nedslåande å sjå at så mange manglar fokus på bilkøyringa, seier Sigurd Austin, konserndirektør for skade i Gjensidige.

Ein av ti snakkar i mobil

11 prosent av sjåførane i Telemark og Vestfold seier at dei køyrer bil og snakkar i mobil utan handfrie tenester. Nesten like mange seier at dei les eller skriv på mobilen. Det er litt betre enn landsgjennomsnittet, der 22 prosent seier at dei brukar mobil utan handfrie tenester.

Fire av ti tek ein matbit

Å ete og drikke er også vanlege aktivitetar. Heile 44 prosent av dei spurde i Telemark og Vestfold seier at dei tek seg ein matbit medan dei køyrer

Tekstmelding livsfarleg

Tal frå Statens vegvesen syner at 29 nordmenn miste livet i trafikken som fylgje av mobilbruk i perioden 2005 til 2013. Sjølv om talet på alvorlege trafikkulukker har gått noko ned dei siste åra, aukar talet på ulukker der føraren blir distrahert.

– Mørketala er store, og det er få som veit kor alvorleg dette problemet er, seier konserndirektør Sigurd Austin.