Hopp til innhold

Ein annleis påskefamilie

LIFJELL (NRK): Når tusenvis av nordmenn trekk til fjells for å feire påske er det også viktig med tryggleik i fjellheimane. Den tryggleiken syter Raude Kors for i år også.

Brettspel på Raude Kors-hytta

BRETTSPEL: Raude Kors har mannskap på fjellet heile Påska. Frå venstre: Øyvind Jørgensen, Brage Gundersen, Magnar Hansen, Sondre Ljungstrøm (bak) og Eirik Jørgensen.

Foto: Martin Torstveit / NRK

– Eg har vore her i påska seks år på rad no, seier korpsleiar i Nome Raude Kors, Øyvind Jørgensen.

Som mange andre frivillige sit han klar til å rykke ut om nokon skulle vere uheldige å skade seg i fjellet i påska. Over heile landet har Raude Kors 6.000 hjelpekorps i beredskap gjennom påska.

På Raude Kors-hytta på Lifjell i dag er det førebels stille og roleg. Jørgensen og andre som er med i mannskapet har difor teke seg ei runde med brettspelet Scrabble.

– Me vert som ein liten familie, sidan det ofte er dei same folka som rullerer på å vere her, seier Jørgensen.

– Du saknar ikkje den tradisjonelle påska med familien på hytta?

– Eg har jo gjort det i mange år tidlegare og det er sjølvsagt fint, men det er også godt å kjenne at ein kan vere til hjelp for andre, seier Jørgensen.

Øyvind Jørgensen

VETERAN: Øyvind Jørgensen er på vakt for Raude Kors for sjette året på rad.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Viktig jobb

– Ein vert jo aldri førebudd, så ein må heile tida vere klar til å takle vanskelege episodar, seier Jørgensen.

Det har nemleg vorte ein del redningsaksjonar opp igjennom åra. Fleire av dei har gått føre seg i vanskeleg terreng.

Per Hanstad

VIKTIG JOBB: Eigar av Lifjell Skisenter seier Raude Kors gjer ein veldig viktig jobb.

Foto: Martin Torstveit / NRK

– Eg hugsar spesielt godt da ei kvinne brakk ankelen oppe på fjellet her. Det var veldig kaldt den kvelden og skaden hennar var stygg. Da var det viktig at me kunne vere raskt på plass, seier Jørgensen.

Innsatsen til Raude Kors setjast sjølvsagt pris på.

– Dei gjer ein kjempeviktig jobb, og dei har hjelpt oss fleire gonger når det har skjedd ting me ikkje har greidd å handtere aleine, seier eigar av Lifjell skisenter, Per Hanstad.

Røde Kors logo på skulder

KLARE FOR PÅSKE: Raude kors har mannskap på Lifjell og fleire andre fjellområde kvar helg. I påska er det fullt køyr.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Familiebedrift

Nome Raude Kors vart nyleg 75 år, og store delar av denne tida har dei hatt hytte på Lifjell. Dagen på hytta startar med frukost klokka 09.00 før dei reiser ut i terrenget.

Derifrå er det hendingane som styrer dagen. Er det lite som skjer kan det fort verte grilling av pølser eller brettspel slik som i dag.

– Ved sidan av det arbeidet me gjer så er det jo også ein flott måte å bruke fritida på, seier Jørgensen.

Med på laget har Øyvind Jørgensen også fått med sonen Eirik i korpset. Han er også veldig aktiv i Raude kors, og er med på den intense runden Scrabble på hytta i dag.

– Ein får vere mykje ute i fjellet og det er veldig sosialt, seier Eirik Jørgensen.

Han har vore med i Raude Kors i store delar av livet. Med ein far som korpsleiar er nok ikkje det tilfeldig. Eirik håpar også at han kan vidareføre arven til neste generasjon.

– Eg må jo få til det, me treng fleire folk i korpset, seier Eirik Jørgensen.