NRK Meny
Normal

Eigedomsskatt stoppar ikkje hytteinteressa

NISSEDAL (NRK): Det er stor interesse for hyttebygging i Nissedal trass i at kommunen innførte eigedomsskatt i fjor. I haust la Nisser Hyttegrend ut ei ny handlafta tømmerhytte på Facebook og fekk 170.000 likarklikk.

Åshild Reime, Nisser hyttegrend

STOR INTERESSE FOR HYTTEBYGGING: Åshild Reime framfor den handlafta hytta i Nisser hyttegrend som fekk enorm respons på Facebook.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Åshild Reime som driv Nisser Hyttegrend på Fjonesida i Nissedal merkar større interesse.

– Den handlafta hytta er litt spesiell for dette hyttefeltet. Det er Bjarne Reime som har bygt hytta med tømmer frå eigen skog.

Hytta blei lagt ut på Facebook med oppmoding til å like og dele innlegget, og då kunne du vinne ein hyttetur.

– Responsen blei mykje større enn vi hadde venta. Vi fekk 170.000 som var innom for like hytta, og det er største responsen vi har hatt, seier Reime.

Les og:

Hyttebygging i Nissedal, Haukåsen hyttefelt

Innføring av eigedomsskatt har ikkje lagt nokon dempar på hyttebygginga i Nissedal. Denne hytta blir oppført i Haukåsen hyttefelt.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Er opptatt av eigedomsskatt

Nissedal kommune innførte eigedomsskatt i fjor, til store protestar frå næringslivet og hyttefolk.

Men så langt i år er det sett i gang bygging av fleire hytter enn fjoråret, og fleire enn i nabokommunen som ikkje har eigedomsskatt.

– Det er klart vi merkar at kundane er opptekne av eigedomsskatt, og vi skulle helst ha vore den forutan. Førebels er det ikkje så store summar, og kommunen har vore veldig flinke til å skjerme næringa.

Åshild Reime fryktar likevel at kommunen skal sette opp eigedomsskatten i framtida.

Stig Mørken, hytteeigar Nissedal

Stig Mørken har hytte på Fjonesida av Nisser. Det er naturen rundt innsjøen han likar best.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Sel ikkje hytta på grunn av skatt

Stig Mørken likar naturen rundt den store innsjøen Nisser som er ei blanding av skjærgård og innlandet. Han aksepterer at hytteeigarar også må betale eigedomsskatt.

– Det er for å få inntekter så små kommunar kan overleve. Eg har betalt skatt i alle år, men du vil jo ikkje betale meir skatt enn du må. Eigedomsskatten har blitt meir og meir vanleg over alt, seier Mørken.

– Har det noko å seie for om du vil ha hytte her, eller ikkje?

– Nei. Hytte vil eg ha her uansett. Eg sel ikkje hytta på grunn av litt skatt, berre den ikkje blir for stor.

Glad spådomane ikkje slo til

Halvor Homme, ordførar i Nissedal kommune for Ap

Halvor Homme er ordførar i Nissedal.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

På kontoret i kommunen er ordførar Halvor Homme glad for at dei verste spådomane ikkje har slått til. Han håpar kommunen slepp å auke eigedomsskatten for neste år.

– I ein liten kommune kan skatteinntekter og auka utgifter for til dømes barnevern vere utfordrande, seier Homme.

Dei nyvalde politikarane i Nissedal skal snart i gang med budsjettarbeidet for neste år.

– Slik det ser ut nå skal vi få budsjettet i hamn, utan å auke eigedomsskatten vesentleg, seier Homme.

  • Person klemt mellom to bilar

    Ein person har kome i klem mellom to bilar på Lifjellvegen i Bø. Ein av bilane kom ned ein bakke og greidde ikkje å stoppe på den glatte vegen. Føraren i den eine bilen kom i klem og er sendt til legevakt for sjekk.

  • Liten lekkasje frå tankbilen

    Det er oppdaga ein liten lekkasje frå pumpesystemet på tankbilen som køyrde inn i eit hus i Kragerø. Naudetatane arbeider med å stoppe lekkasjen.

  • Arbeider med å få ut personar

    Naudetatane arbeider med å få ut personar frå andre etasje i huset i Kragerø som ein tankbil har køyrd inn i. Huset har blitt skeivt, melder politiet.

  • Tankbil køyrd inn i hus

    Ein tankbil med bensin og diesel har køyrd inn i eit hus i Nøkkeldalen i Kragerø. Det skal ikkje vera lekkasje frå tankbilen. Det var personar i huset da ulykka skjedde, men det er foreløpig uklart om dei er skadde. Brannvesenet er framme, politi og ambulanse er på veg.