NRK Meny
Normal

Feirar tap av 15 år gamal rekord

I helga mista Edel Therese Høiseth ein 15 år gamal norgesrekord. – Det er grunn til å feire, seier Edel Therese.

Edel Therese Høiseth

Edel Therese Høiseth frå Siljan mista norgesrekorden på 1000 meter.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Det var under opninga av verdscupen i skøyter i Calgary at Ida Njåtun slo den 15 år gamle rekorden. Njåtun noterte tida 1,14,37. Det er nøyaktig eitt sekund under rekorden Edel Therese Høiseth sette på same bane for 15 år sidan.

– Det var på tida, seier siljanjenta, som er knytt til skøytelandslaget som assistent for Sondre Skarli.

– Rekordløpet kom ikkje som ei bombe. Ida har vore under rekorden tidlegare, men det var i eit stemne utan godkjenning. Det er svært fortent at ho no har den offisielle rekorden.

– Hugsar rekordløpet som det var i går

Edel Therese Høiseth

Siljanjenta er assistent for landslagstrenaren.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Edel Therese Høiseth hugsar godt sitt eige rekordløp for 15 år sidan.

– Isen i Calgary er glatt, og normalt skulle det favorisere andre. Men eg vann 1000 meteren etter å ha persa med nesten to sekund. Eit sjokk. Me eit hyggeleg sjokk.

Høiseth trur Ida Njåtun har kapasitet til å presse rekordtida endå lengre ned..

– Det kan skje i Salt Lake City alt neste helg. Isen i Salt Lake er eit hakk betre enn isen i Calgary, og banen ligg eit hakk høgare.

Framleis rekordhaldar

Sjølv om Edel Therese Høiseth mista rekorden på 1000 meter, har ho framleis rekorden på 500 meter. Rekordtida 38,40 blei sett i Calgary, også den i 2000.

– Hege Bøkko har kapasitet til å slå den. Det kan skje i Calgary natt til mandag, eller i Salt Lake neste helg, seier assistenten for det norske kvinnelandslaget på skøyter.