Hopp til innhold

Fruktbonde: – Ei god kjensle å vite at eg dyrkar noko som folk vil ha meir av

Fruktbonde Jorunn Hanto-Haugse er optimist på vegne av næringa etter Eat-rapporten. Den seier at me må ete dobbelt så mykje frukt og grønt.

Jorunn Hanto-Haugse

GOD KJENSLE: Jorunn Hanto-Haugse har vore fruktbonde i Hardanger sidan 2014.

Foto: Privat

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

– Viss denne rapporten påverkar kva folk vil ete, så gjev det meg som fruktbonde ein god dytt i ryggen, seier Jorunn Hanto-Haugse på Djønno i Hardanger.

Ho fortel om oppsving i fruktbransjen som følge av eit bevisst forbruk hjå nordmenn flest, og nye dyrkingsmetodar som gjev høgare avlingar.

– At frukt er sunt visste me allereie, og rapporten fortel oss at me trygt kan eta langt meir av det. Det er ei god kjensle å vite at eg dyrkar noko som folk vil ha meir av, seier ho.

– Kva med forbruket – klarar nordmenn å ete meir dersom produksjonen aukar?

– Det er eg sikker på. Norsk frukt er fantastisk god. Men den norske frukthausten er kort og intens, så det må både større produksjon og fokus på lagringsmetodar.

Grønnsaksbonde Ivar Gulseth

Grønsakbonde Ivar Gulseth likar at folk blir oppfordra til å ete meir grønsaker.

– Generaliserande

Grønsaksbonde Ivar Gulseth i Skien synest det er fint at folk blir oppfordra til å ete meir grønt. Han trur det er gode moglegheiter for å auke grønsakproduksjonen i Noreg.

– Grønsaker treng lite areal. Dersom marknaden er der, så er det ikkje problem med å auke produksjonen av typiske norske grønsaker, seier Gulseth.

Leiar i Telemark bondelag, Aslak Snarteland, meiner Eat-rapporten ikkje tek opp i seg norske forhold. Han peikar på at norsk landbruk står for mindre prosentvise utslepp enn på globalt nivå.

– Me kan godt produsere meir norske lagringsgrønsaker, som gulrot, kålrot og lauk. Men salatar og andre ting som ikkje er lagringsdyktige, kan me ikkje produsere i Noreg på vinterstid utan store drivhus som krev mykje energi, seier Snarteland.

Og legg til:

– Eg slaktar ikkje rapporten til Eat, men eg synest den er veldig generaliserande. Me må ta innover oss at det er andre ting som skapar større klimaavtrykk enn norsk matproduksjon. Sydenturar til dømes.

Aslak Snarteland

Leiar i Telemark Bondelag, Aslak Snarteland, ser at bøndene gjerne produserer meir grønsaker.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Balansert kosthald

Landbruks- og matminister Bård Hoksrud seier dei nasjonale råda for kosthald er klare og tydelege.

– Menn ligg litt over på kjøtt, mens kvinner er der dei skal vere eller lågare, seier han.

Hoksrud meiner det betyr at vi i Noreg har eit balansert kosthald. Men seier det berre er bra å ete meir grønsaker, og at jordbruksoppgjeret stimulerer til det.

– Men 17 gram kjøt om dagen er nok langt unna der me kjem til å vere. For vi må bruke dei føresetnadene som naturen gjev oss.

Les også: Per gir kjendisane skulda for vegetartrend – trur det er eit blaff

Bård Hoksrud

Landbruks- og matminister Bård Hoksrud meiner folk i Noreg har eit balansert kosthald.

Foto: Marit Langseth

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark