Hopp til innhold

Sommartrafikken over Haukelifjell aukar

Det er fleire som brukar E134 over Haukelifjell om sommaren. Trafikken i juli har auka med 20 prosent dei siste to åra.

Ulykke ved Sjøormkroa i Seljord

Sjøormkroa i Seljord merkar at det er større trafikk på E134 over Haukelifjell om sommaren. Det gjer også andre næringsdrivande langs europavegen.

Foto: Børre Karterudseter / NRK

Butikkar og kafear langs E134 merkar godt at det køyrde 600 fleire biler kvar dag over fjellet.

Ole Kristian Ingelstad driv Sjøormkroa som ligg rett ved E134 i Seljord. Han merkar det godt på omsetninga når trafikken aukar.

– Det har hatt veldig mykje å seie for Sjøormkroa. Det har vore ein stabil auke, og i sommar har det vore veldig bra, seier Ingelstad.

Har auka omsetninga kvart år

Børge Skårdal

Børge Skårdal meiner det er positivt at trafikken aukar på E134.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

Han fortel om ein auke på 8–10 prosent i omsetninga i sommar.

– Det er veldig bra, for vi har auka omsetninga kvart år, seier Ingelstad.

Også i Spar-butikken i Haukeli kjem det fleire kundar innom når trafikken aukar.

– Vi har merka det særleg godt etter at dei har gjort vegen over fjellet betre. Folk vil jo ha betre vegar når dei nyare og betre bilar, og då vel dei E134 fordi det er hovudpulsåra mellom aust og vest, seier Nihad Sijamhodzic.

Viser samfunnsøkonomisk nytteverdi

Dagleg leier Børge Skårdal i AS Haukelivegen er også glad for dei ferske tala for sommartrafikken.

– Det er positivt, og det viser at det er behov for vegen når fleire synest det er ålreit å køyre over Haukelifjell.

Interesseorganisasjonen jobbar for å bygge ut og heve standarden på europavegen. I det arbeidet kjem auka trafikktal godt med.

– Trafikkauke vil ofte danne grunnlaget for prognosar over trafikkutviklinga i framtida. Og det kan ha ein del å seie når det skal reknast på den samfunnsøkonomiske nytta for vegen, seier Skårdal.