Hopp til innhold

Martin ventar på ei søster eller ein bror

Det er blitt dyrare og vanskelegare å adoptere frå utlandet. Fire år gamle Martin har venta i tre år på å få ei søster eller ein bror.

Synne Vahl Rogn og Martin

Synne Vahl Rogn og Martin vil gjerne adoptere eit barn til frå Sør-Afrika. Men det er blitt vanskelegare.

Foto: Hilde Martine Lindgren / NRK

Det har blitt betrakteleg dyrare å adoptere. Adopsjonsforeiningane har dei siste ti åra jobba intenst for få auka adopsjonsstøtta. For pengebidraget betyr mykje for familiar som ønskjer å adoptere.

For fire år sidan blei dei familien som dei hadde drøymt om lenge. Martin blei henta til Norge frå Sør-Afrika berre få månader gammal. Nå håper den vesle familien at dei skal bli fleire.

Martin håper han skal få ei liten søster eller ein liten bror. Nå har vi snart venta i tre år, så vi håper vi snart skal til Sør-Afrika igjen, seier Synne Vahl Rogn.

Morten Rogn og Synne Vahl Rogn vil gjerne adoptere eit barn til, slik at Martin på fire år kan få ei søster eller ein bror.

Martin og Morten Rogn ved frukostbordet. Familien har spart penger i tre år for at Martin skal få ei søster eller ein bror.

Morten Vahl og Synne Vahl Rogn i Bamble er foreldre til Martin på 4 år som blei adoptert frå Sør-Afrika. Men dei ønskjer også at Martin skal få oppleve å ha søsken, og har spart pengar til ein ny adopsjon i mange år.

Det er mykje forventningar og mykje venting. Men det er også ei fin prosess i forhold til eigen bevisstgjering, og ikkje minst for det resultatet som kjem til slutt. Det er jo det aller beste, seier Vahl Rogn.

Har spart i mange år

Og dei har spart lenge. For når neste adopsjon er i hamn, reknar familien med å ha brukt nesten ein halv million kroner.

Vi sette i gang med å spare til den neste adopsjonen med ein gong vi kom heim med Martin, så vi nærmar oss å vere i hamn for den nye adopsjonen. Men det kostar å sette av nokre kroner kvar månad, seier Vahl Rogn.

I dag er adopsjonsstøtta på cirka 47.000 kroner. Adopsjonsforeiningane har dei siste ti åra jobba intenst for at det beløpet skal få eit kraftig løft.

Øystein Gudim

Øystein Gudim er dagleg leiar Adopsjonsforum.

Foto: NRK

Eg kjenner mange ressursterke folk som kan by på gode oppvekstmiljø. Og som heilt sikkert ville søke adopsjon dersom det hadde vore lettare økonomisk, seier Vahl Rogn.

Kraftig nedgang i adopsjonar

Talet på barn som blir adoptert frå utlandet gjekk kraftig ned i fjor. I 2012 blei det henta 239 barn frå utlandet. I fjor var det berre 144 barn.

Sidan 2002 er reduksjonen på heile 80 prosent. Det er mange årsaker til at stadig færre får adoptere frå utlandet.

Den viktigaste årsaka er nok at viktige adopsjonsland som Kina og India skaffar familiar til barn i sine eigne land, seier Øystein Gudim.

Han er dagleg leiar i Adopsjonsforum, som er den største formidlaren av barn frå utlandet.

Når desse store landa finn løysingar for barna innanlands, så blir det færre adopsjonar frå utlandet, seier Gudim.

Mange skuffa familiar

Men også norske gynekologar må bere litt av ansvaret.

Talet på søkarar går ned. Dels fordi dei ser at det tar for lang tid, og dels fordi fleire lukkast med assistert befruktning, seier Gudim.

Mange familiar i Norge sit skuffa tilbake. Men verst er det for barna som blir buande på barneheim i staden for å få eit betre liv.

Barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne (Frp).

Barne-Likestilling og inkluderingsminister Solveig Horne frå Framstegspartiet.

Foto: NRK

Gudim etterlyser meir innsats frå norske barnemyndigheiter.

Enkelte gonger tar det fleire år å få ei godkjenning for å starte opp adopsjon frå eit nytt land. Nokre gonger er det sommel i Norge, og andre gonger i det aktuelle landet, seier Gudim.

Og kjem begge desse to samtidig så tar det for lang tid. Gudim skulle gjerne hatt meir bistand frå norske myndigheiter for å starte opp i nye land med adopsjon.

Møtte barneministeren

I dag møtte dei tre store adopsjonsforeiningane barneminister Solveig Horne frå Framstegspartiet.

Med fallande adopsjonsstal, så blir det mykje dyrare å adoptere. Og det er blitt vanskelegare å adoptere. Adopsjonsforum meiner norske myndigheiter er for passive i denne situasjonen.

Adopsjonsforeningen bad barneminister Solveig Horne om hjelp til blant anna å få meir i statsstøtte til foreldre som adopterer, men fekk ingen lovnader om det.

Men det er også andre utfordringar. Blant anna at fleire nye land kan bidra med adopsjon, og det å få betre kontakt med dei norske ambassadane som bidrar i land med adopsjonssaker, sa Horne.