NRK Meny
Normal

Duka for duell om jernbanestasjon

Det ligg an til kamp om kor ein ny stasjon skal ligge, på den nye jernbanelinje mellom Kristiansand og Oslo.

Sørlandsbanen

SØRLANDSBANEN: ordførarane i Gjerstad og Kragerø ynskjer begge å få stasjonen til si kommune.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Jernbaneverket har konkludert med at Grenlandsbanen berre bør ha eitt stopp etter Porsgrunn før den koplar seg saman med Sørlandsbanen.

Dermed står det no mellom to alternativ i to ulike fylke: Tangen i Kragerø og Brokelandsheia i Gjerstad.

Brokelandsheia kjem til å ha mykje fleire reisande enn Tangen, så eg tykkjer det er heilt naturleg å leggje stasjonen her, seier tidlegare ordførar i Gjerstad Rune Hagestrand.

Rune Hagestrand

Hagestrand har i lang tid kjempa for å få ein stasjon på Brokelandsheia.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Jernbaneverket er ikkje einige med den tidlegare ordføraren i at Brokelandsheia er best eigna for ein ny stasjon.

Dei foreslår nemleg Tangen i Kragerø kommune som den beste staden å leggje stasjonen sett frå eit økonomisk standpunkt.

Hagestrand trur Jernbaneverket har hatt Telemarksbrillene for godt på når dei har anbefalt det.

– Eg meiner at dei berre har sett på potensialet i Telemark når dei no har gjort denne utgreiinga, og ikkje tenkt godt nok over potensialet som ligg vest for fylkesgrensa, seier Hagestrand.

Klar for kamp

Ordfører Jone Blikra i Kragerø

Jone Blikra, Ordførar i Kragerø, der Jernbaneverket vil at skal stasjonen skal ligge.

Foto: Jannicke Møller Andersen / NRK

I Kragerø sit ordførar Jone Blikra og er godt nøgd med Jernbaneverket sin konklusjon. Men han tar det ikkje for gitt at stasjonen endar på Tangen.

– Eg tykkjer avgjerda var veldig godt grunngitt for at Tangen skal få stasjonen, og me kjem no til å kjempe vidare for at stasjonen faktisk blir lagt hit.

Jernbaneverket legg no planane ut på høyring med svarfrist i slutten av oktober.

  • Advarer om glatte veier

    Laster Twitter-innhold
  • Vestfoldbanen stengt

    Vestfoldbanen er stengt mellom Larvik og Stokke etter at en person ble påkjørt av toget i Sandefjord. Personen døde som følge av påkjørselen. Hendelsen fører til forsinkelser og innstillinger på Vestfoldbanen.

  • Jeger til avhør i dag

    Politiet skal avhøre jegeren som skjøt en fredet havørn i Fyresdal i november. Jegeren sier han skjøt i nødverge fordi ørnen var i ferd med å gå til angrep på sauene som gikk ute. Etter avhøret skal politiet bestemme om jegeren skal få et forelegg.

    Havørn skutt i Fyresdal
    Foto: Lars Tore Endresen / NRK