Hopp til innhold

Ein av gutane døde i drukningsulykke

Den eine guten som falt i Falkumelva søndag er død, melder politiet. Den andre guten er utanfor livsfare.

Falkumelva i Skien

Det var her ved denne brygga i Falkumelva at dei to gutane hamna i elva søndag.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Den seks år gamle guten som falt i Falkumelva i Skien søndag, er død. Ein fem år gammal gut er utanfor livsfare, opplyser politiet.

Guten blei bekrefta død klokka 19.04 måndag, opplyser politiet i Telemark.

Laster Twitter-innhold

– Det er guten som var lengst under vatn, og som blei henta opp frå elva sist som blei erklært død, seier operasjonsleiar Aadne Røilid ved Sør-Øst politidistrikt, avdeling Telemark til NRK.

– Dette er ei ufatteleg tragedie. Alle våre tankar går til dei pårørande. For dette rører ved oss i politiet også, og det er spesielt trist når det får ein slik utgang, seier politistasjonssjef Annie Sandersen til NRK.

Annie Sandersen

Politistasjonssjef Annie Sandersen seier det er trist melding å få at den eine guten døde.

Foto: Anne Lognvik

Lite informasjon om det som skjedde

Gutane på fem og seks år blei floge til Oslo universitetssjukehus søndag kveld med livstruande skader.

Politiet har lite informasjon om kva som skjedde då dei to gutane falt i Falkumelva søndag.

Politistasjonssjef Annie Sandersen ved Grenland politistasjon har bekrefta overfor NTB at det var ein fire år gammal kamerat av dei som varsla sin far om at dei to andre gutane låg i det kalde vatnet.

Den eine av gutane blei plukket opp av ein kajakkpadlar, mens den andre blei henta opp av redningsdykkarar.