NRK Meny
Normal

Lensmannskontoret i Drangedal redda

Drangedal får behalde lensmannskontoret sitt. Det sa politidirektør Odd Reidar Humlegård på pressekonferanse nå i dag.

Politidirektør Odd Reidar Humlegård legger fram nærpolitireformen

Politidirektør Odd Reidar Humlegård presenterte ny organisering av politiet på ein pressekonferanse i Oslo.

Foto: Carl-Gøran Larsson / NRK

Politidirektør Odd Reidar Humlegård kom med sine endringar på ein pressekonferanse i Oslo fredag.

– Dette er eit av mange grep vi er i gang med for å skape betre politi landet rundt, sa politidirektør Odd Reidar Humlegård under pressekonferansen fredag.

Fakkeltog i Drangedal

Før jul gjekk folk i fakkeltog for å behalde lensmannskontoret.

Foto: Kurt Inge Dale / NRK

126 av politiets tenestestader leggjast ned, og sju nye opprettast, ifølgje Politidirektoratets endelege innstilling for organiseringa av norsk politi.

Legg ned fire lensmannskontor

I Telemark blir desse fire tenestestadene lagt ned: Siljan lensmannskontor, Tokke lensmannskontor, Fyresdal lensmannskontor og Hjartdal lensmannskontor.

Odd Reidar Humlegård, Politidirektør

Politidirektør Odd Reidar Humlegård legg vekt på reisetida for folk.

Foto: Erlend Andersen Koppergård​ / NRK

Drangedal er eit av fire lensmannskontor der politidirektoratet gjer endringar på dei forslaga han har fått frå politimeistrane rundt om i landet.

– Responstid er viktig for dei endringane vi har gjort, sa Humlegård.

Humlegård seier dei har gjort nokon justeringar der det blei litt for langt mellom distrikta eller at for mange fekk for lang reiseveg.

– Kravet frå Stortinget er at 90 prosent av befolkninga i distriktet skal ha ein reiseveg på maksimalt 45 minutt til næraste tenestestad. I det vi har lagt fram er det 98,6 prosent som ligg innanfor dette, derfor ligg vi godt innanfor kravet, sa Humlegård på pressekonferansen.

Les også: Slik blir det nye politi-Telemark

Glad ordførar i Drangedal

Ordførar Tor Peder Lohne er glad for at politidirektøren har gjort om på forslaget til politimeister Christine Fossen.

Tor Peder Lohne

Ordførar i Drangedal Tor Peder Lohne er glad politidirektøren lar Drangedal få behalde lensmannskontoret.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

– Det betyr folk i Drangedal kan kjenne seg trygge, og vi får behalde politi som er til stades med nær kjennskap til området, seier Lohne.

Lohne meiner det blir viktig å arbeide for at lensmannskontoret skal få eit reelt innhald for innbyggarane i Drangedal også i framtida.

– Akkurat nå er vil berre veldig glade for at politidirektoratet har sett dei gode argumenta som vi har hatt, seier Lohne.

Trist at lensmannskontor blir lagt ned

Stortingskandidat for Senterpartiet i Telemark, Åslaug Sem-Jacobsen seier det er veldig gode nyheiter at Telemark får behalde eit lensmannskontor til, særleg for alle innbyggjarane i Drangedal.

– Men at vi ikkje får behalde nokre fleire kontor i vårt fylke med så store avstandar er jo framleis både uforståeleg og trist.

Sem-Jacobsen meiner 126 nedlagde kontor i sum viser at Nærpolitireformen blei ein reform der sentralisering er viktigast og at tryggleiken til folk i ein del av landet vårt ikkje er like viktig som andre stader.

  • Laster Twitter-innhold
  • Øver på et en kanalbåt synker

    I dag øver nødetatene i Telemark. Det skal øves på at en kanalbåt synker. Det vil bli utrykningskjøring i og nær Ulefoss. Det kommer også til å bli brukt farget markørrøyk i øvelsen.

  • Dårligere resultater for Yara

    Gjødselselskapet Yara med fabrikker på Herøya i Porsgrunn leverer svakere resultat i tredje kvartal i år sammenliknet med i samme periode i fjor. Konsernsjef i Yara, Svein Holsether, sier årsaken er høyere priser på energi, og svakere dollarkurs.

  • 4 av 10 bruker refleks

    Tellinger utført av Trygg Trafikk viser at kun 4 av 10 bruker refleks. 50 prosent av bilførerne i Østlandsfylkene utenom Oslo og Akershus, sier de har opplevd å nesten kjøre på en fotgjenger man ikke kunne se i mørket.