Det var to menn på 39 og 33 år som var på skutertur på Totak då snøskuteren velta på isen om lag 200 meter ut for Rauland kyrkje.
Den eine av mennene omkom i velten, medan den andre blei skada og er frakta til Sjukehuset Telemark.
- Det er uklart kven av dei to som kjørte, seier operasjonsleiar Bernt Ingebrigtsen ved Telemark Politidistrikt.
Fekk melding i natt
Politiet fekk melding om ulykka klokka fire om natta, men veit førebels ikkje meir om kva som var årsaka til ulykka på Totak i Rauland.
Ingen andre kjøretøy skal ha vore involvert, og politiet etterlyser augnevitne til ulykka.
Det var bare ein snøskuter involvert i ulykka, og av ein eller annan grunn blei dei to kasta av.
- Ingenting tyder på at det har vore ein kollisjon eller ei utforkjøring, seier Ingebrigtsen.