NRK Meny
Normal

Dødsulukke på Gvarv

GVARV (NRK): Ein person har omkome i ei trafikkulukke på Gvarv i Telemark, der ein fotgjengar vart påkøyrd av ein personbil.

Trafikkulukke Gvarv

TETT TÅKE: Det er tett tåke på staden der ulukka skjedde.

Foto: Theo Aasland Valen

Ein fotgjengar omkom da han vart påkøyrd av ein bil like aust for Gvarv i Sauherad kommune. Politiet stadfestar at den omkomne er ein mann i 70-åra som budde i Figgjo i Rogaland, men som hadde tilknyting til nærområdet.

– Ambulansen kom raskt til staden, og det var også tilfeldig forbipasserande helsepersonell der som tok hand om fotgjengaren. Etter kort tid vart det stadfesta at han døydde på staden, seier operasjonsleiar Ole Kamben i Sør-Øst politidistrikt.

Føraren av bilen er ein lokal mann i slutten av tenåra. Han er ikkje skadd, og vart avhøyrd på staden. Han har gjeve frå seg rutinemessige prøver, men politiet mistenkjer han ikkje for noko.

Det er for tidleg å seia noko om omstende rundt ulukka.

Laster kart, vennligst vent...

Tett tåke

Politi og ambulanse rykka ut til ulukka litt etter klokka 18.00 torsdag ettermiddag. Fylkesveg 360 mellom Gvarv og Notodden har vore stengt i lengre tid etter hendinga. Det er tett tåke og dårleg sikt i området.

– Vegvesenet si ulukkesanalysegruppe kom tidleg og dei jobbar der. Området er ganske urørt og trafikken blir omdirigert. Vi har òg eigne kriminalteknikarar på veg for å gjera undersøkingar, seier operasjonsleiar Ole Kamben.

Laster Twitter-innhold
  • 98 kundar utan straum

    Laurdag klokka 17.00 er 98 kundar i Telemark og Vestfold utan straum, melder Skagerak Energi. Det blir arbeidd alle stader der det er feil, og selskapet håpar alle får attende straumen i løpet av kvelden.

  • Mindre personskadar

    I kollisjonen ved Gaustablikk skianlegg fekk to personar mindre skadar. Dei to siste er uskadde. Alle fire er undersøkt av lege på staden.

  • Front mot front

    To personbilar har kollidert front mot front like ovanfor Gaustablikk skianlegg. Det var fire personar i bilane, alle er ute. Det er meldt om personskade og store materielle skadar på bilane. Naudetatane rykkjer ut.

  • Trafikkulykke ved Gaustablikk

    Tinn brannvesen reiser til ei trafikkulykke ved Gaustablikk Skisenter. Det skal vera to køyretøy involvert.