NRK Meny

Dødeleg virus påvist i hund

Parvovirus, eller hundepest, er påvist på ein hund som er lagt inn ved Skien Dyreklinikk på Gulset. Dagleg leiar Camilla Krogsrud trur hunden kan ha fått viruset ved å ete avføring frå ein katt som er smitta. Viruset kan vere dødeleg for hundar som ikkje er vaksinert, og symptoma er blodig diaré, slappheit og feber.

Camilla Krogsrud
Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK