NRK Meny
Normal

Ser ikkje bort frå søksmål mot staten

Huseiernes Landsforbund ser ikkje bort frå søksmål mot staten dersom det blir deponi i gruvegangane under Brevik.

Brevik og Thor Johan Larsen

AMPERT: Det er ikkje god stemning i sommarbyen Brevik om dagen. Thor Johan Larsen i Huseiernes Landsforbund Telemark (innfelt) seier dei er uroa.

Foto: Christina Førli Aas/Thomas Nikolai Blekeli / NRK

Forbundet støttar naboar som meiner avfallsdeponiet blir planlagt alt for nær eksisterande bustadområde.

Distriktsleiar Thor Johan Larsen i Huseiernes Landsforbund Telemark representerer huseigarane i Brevik og skal ta vare på deira interesser.

– Vi er uroa og vil ikkje at huseigarane skal bli utsett for ein risiko, seier Larsen.

Han meiner ei etablering av eit deponi for farleg avfall vil føre til ein risiko for huseigarane i Brevik.

Det er planar om å etablere eit av dei største deponi for farleg avfall i Europa i gruvegangane til Norcem under byen. Miljøstyresmaktene har tidlegare uttala at gruvegangane eignar seg for eit slikt deponi ut frå ei miljøfagleg vurdering.

Brevik

Det er ikkje god stemning i sommarbyen Brevik om dagen.

Foto: Christina Førli Aas / NRK

Kan ikkje bygge så nære hus

Larsen viser til Direktoratet for samfunnstryggleik si forskrift for storulykkebedrifter, og meiner det ikkje er teke nok omsyn til avstanden som skal vere mellom storulykkebedrifter og bygningar der det bur folk.

– Dersom det skjer ei ulykke vil folk bli direkte råka, seier Larsen.

Han meiner det må vurderast andre alternativ, fordi det ikkje går an å planlegge å bygge ei slik verksemd 40–50 meter frå bygningar der det bur folk.

– Andre land vi kan samanlikne oss med har ei avstandsgrense på 1500 meter og oppover. Då er det ikkje greitt å bygge 40 meter frå der barn og unge leikar, seier Larsen.

Påverkar bustadprisane

Christian Dreyer

PÅVERKAR: Mange element gjør at du kan få endringar i bustadprisar, seier Christian Dreyer i Eiendom Norge.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

Bak planane om gruvedeponiet står NOAH eigd av Bjørn Rune Gjelsten. Dei har tidlegare sagt til NRK at slike anlegg ikkje påverkar bustadprisane. Det er leiar i bransjeorganisasjonen Eiendom Norge, Christian Dreyer, ueinig i.

– Dette er eit heitt tema i mange område kor det etablerast asylmottak med tilsvarande type problemstillingar. Det er mange ulike typar prosjekt som påverkar bustadprisane som dette, seier han.

Vil ikkje avvise søksmål mot staten

Huseiernes Landsforening meiner reglane til Direktoratet for samfunnstryggleik er klare. Og dersom det likevel blir vedteke å etablere eit deponi i Brevik er signala frå medlemmene i Huseiernes Landsforbund klare.

– Dette vil ikkje folk finne seg i. Dei vil få ein høgare risiko ved å framleis bu i området, og bustaden vil tape seg i verdi, seier Larsen.

Han ser ikkje bort frå at det kan få rettslege konsekvensar.

– Eg kan ikkje avvise at det kan kome eit søksmål mot staten, seier Larsen.

Huseiernes Landsforbund ønskjer i første omgang å arbeide mot at det blir etablert eit deponi for giftig avfall i Brevik.

Ordførar Robin Kåss i Porsgrunn har stor forståing for uroa til folk i nærområdet til det planlagde deponiet. Han fryktar at denne saka kan kome til å prege Brevik og Porsgrunn kommune i mange år framover.