Deponi i Brevik eller ikkje? Det er spørsmålet

BREVIK (NRK): Svaret er verre å finne. Det er så vanskeleg at berre eitt av dei større partia har deponisaka høgt oppe på den politiske agendaen. Det har også LO og dei som er næraste naboar til eit mogleg deponi i Brevik.

Går imot avfallsdeponi

DEPONI ELLER IKKJE DEPONI: Dette er inngangen til Dalen gruver i Brevik. Her kan det bli deponi for farleg avfall, men dei næraste naboane er mot.

Foto: Thor Øistein Eriksen / nrk

Val

Det er reinhekla idyll hjå Bjørg Stifoss Johnsen i Brevik. Brygge og båt i hagen, sjøen rett ut, du kan fiske frå verandaen, og sjå sola gå ned over glitrande hav.

Norcem vegg i vegg

– Norcem plager oss ikkje lenger, det kjem båtar ut og inn til hamna og det skaper liv og trafikk.

Norcem hevdar at dei har verdas reinaste sementindustri, og det trur Johnsen stemmer. Ho og familien har flytta tilbake til barndomsheimen hennar, og satsar på at det ikkje blir deponi.

– Då eg vaks opp her, var me plaga av støv og støy frå Norcem. Alle hustaka var grå. No er det lite støv, og me ser dei ulike fargane på hustaka. Vatnet er klart og me badar frå stranda i hagen.

Bjørg Stifoss Johnsen, nabo til Norcem

MOT DEPONI: Bjørg Stifoss Johnsen flytta tilbake til Brevik, og vil ikkje ha deponi for farleg avfall som nabo.

Foto: Anne Lognvik

Politisk verkebyll

Berre MDG av dei sentrale politiske partia har deponisaka som ei prioritert sak i valkampen. Den er vanskeleg for dei fleste partia, for meiningane står steilt mot kvarandre.

Wenche Tveitan

VIL VITE MEIR: LO-leiar Wenche Jansen Tveitan vil ha meir kunnskap før det blir sagt ja eller nei.

Foto: NRK/ Anne Lognvik

Leiar for LO i Grenland Wenche Jansen Tveitan er krystallklar på at LO ynskjer ei konsekvensutgreiing.

– Me må vite kva dei seier ja eller nei til. Tveitan undrar seg over at så mange politikarar og folk seier nei til meir kunnskap.

Norcem-naboen Bjørg Stifoss Johnsen er skeptisk til konsekvensutgreiing. Det er NOAH som har fått i oppdrag å skaffe konsekvensutgreiinga, Johnsen meiner at dei er interessert i å etablere deponi og dermed ikkje nøytrale.

Dette seier partia:

1.-kandidaten til Telemark Høgre, Solveig Sundbø Abrahamsen

– Meiningane i partiet er ulike, men eg seier nei til deponi. Kva partileiinga og Erna Solberg seier, kan ho ikkje svare for.

1.-kandidaten til Telemark Arbeidarparti, Terje Aasland

– Har ikkje nemnt deponisaka som ei kjernesak i valkampen, men saman med fylkespartiet går dei mot deponi. Veit ikkje om han får med seg Jonas Gahr Støre og partileiinga.

1.-kandidaten til Kristeleg Folkeparti i Telemark, Geir Jørgen Bekkevold

– Deponisaka er nemnt i partiavisa, og me er imot deponi, seier Bekkevold.

1.-kandidaten til Telemark Framstegsparti, Bård Hoksrud

– Deponisaka er ikkje blant dei hovudstolpane me har i valkampen, men eg vil kjempe imot deponi i Brevik. Heller ikkje han veit om han får med seg partileiinga og Siv Jensen.

1.-kandidaten til Telemark Senterparti, Åslaug Sem-Jacobsen

– Me har ikkje skrive noko om dette, men det betyr ikkje at saka ikkje er viktig, seier Jacobsen. Ho meiner dei som bur i Brevik og Porsgrunn kommune må bestemme, og er derfor imot.

1.-kandidaten til Sosialistisk Venstreparti i Telemark, Ådne Naper

– Me i SV meiner at me må lytte til dei lokale.

Men LO Grenland er vel lokale?

– Ja, og LO er viktige, og me lyttar til dei. Men i denne saka er me altså ueinige. Seier Naper og legg til at dei akkurat har sendt eit flygeblad i den elektroniske posten der dei presiserer kva dei meiner om eit mogleg avfallsdeponi i Brevik.

Mona Nicolaysen, stortingskandidat for MDG Telemark, skriv at MDG lokalt og på fylkesnivå har vore motstandarar av deponi i Brevik sidan 2014. Etter at stortingsmeldinga om handtering av avfall kom rett før sommaren og ikkje omhandla handtering av farleg avfall, har også MDG sentralt valgd å sette foten ned for eit deponi i Brevik. Det blir liggjande for nær der folk bor.

Dalen gruver i Brevik kan bli deponi for Noah og farlig avfall

Dette kartet viser gruvegangane der Norcem har henta ut kalkstein til sementproduksjonen. Spørsmålet er kva som skjer når gruvedrifta er slutt.

Foto: Norcem

Ikkje i min bakhage

Bjørg Stifoss Johnsen står i sola på sin store veranda i strandsteinane i Brevik.

– I går låg det fleire båtar i kø for å koma inn til bryggene til Norcem, i dag er det stille. Eg har ingenting mot Norcem, det er fint at det er gode arbeidsplassar der.

Ho innser at nokon må ta ansvaret for avfallet me skaper i vårt moderne samfunn.

– Men me har ei lang kyststripe, og det må vera mogleg å finne ein annan stad å plassere eit giftdeponi, ein stad der det ikkje ligg inne i ein by. Eg skjønnar at det blir dyrare, men då får det heller bli det.