NRK Meny
Normal

Han er den moderne rallaren

– Det er eit tøft yrke, me flyt trass alt på fjell. Vegard Skogheim (27) er borte i vekevis frå kone og barn for å byggje ny jernbane på Austlandet.

Skytebas Vegard Skogheim i bormaskina

Skytebas Vegard Skogheim fekk drømmejobben, men han veit lite om framtida.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Det er ei eiga verd inne i fjellet. Tunnelar og vegar på kryss og tvers. Her i mørkeret går arbeidet for fullt. Store bormaskiner, gravemaskiner og lastebilar er i full sving.

Dette er skytebas Vegard Skogheim sitt rike. På boreriggen langt inne i fjellet kjenner han seg heime.

Heilt frå han var ung drøymde Vegard om å gå i faren sine fotspor, og bli anleggsarbeidar, aller helst skytebas. Han kom til Porsgrunn frå Fresvik i Sogn og Fjordane.

Men er det ikkje trasig å arbeide i mørkeret heile dagen?

Mørkt? Spør han tilbake med eit stort glis. Me har då masse ljos. Og her inne i tunnelen er det jamn temperatur, ikkje sno og is, ikkje regn og tåke

Moderne rallarar er med å byggje Eidangertunnelen, Tore Holgersen, Samson Øyjord, Vegard Skogheim

Tore Holgersen (Haugesund), Samson Øyjord (Mauranger), Vegard Skogheim (Fresvik), moderne rallarar som er med på å bygge Eidangertunnelen.

Foto: Anne Lognvik / NRK
Rallarar som var med å byggje Rjukanbanen

Rallarar i hundretal kom til Rjukan i starten av 1900-talet for å byggje Rjukanbanen opp til Vemork og ned til Mæl. Vidare gjekk banen frå Tinnoset til Notodden.

Foto: Norsk Industriarbeidermuseum

Den moderne rallaren er framleis ein mann som reiser dit jobbane er. Slik det har vore heilt frå starten av. Menn med koner som aksepterer å vera aleine heime. Dette kjem til å endre seg, trur mange av anleggsfolka.

Dei er mange hundre menn og tre kvinner på Eidangeranlegget utanfor Porsgrunn i Telemark.

Frå hesteskyss til fly

Det er vanskeleg å vite kor mange anleggesfolk det er som ligg på brakker rundt om i landet, men bransjefolk reknar med at det i alle fall er omlag 3.000 brakkebuarar til ei kvar tid.

Før gjekk rallarane, tok tog eller hesteskyss der det var mogleg. Stort sett visste dei kvar det var arbeid å få.

I dag køyrer Vegard eller tek fly. Ein sju-åtte timar brukar han på reisa heim frå Telemark til Sogn.

Arbeidsfolk inne i tunnelen

Ingen skal ikkje vera redd for å bli møkkete på hendane når dei jobbar i tunnel.

Foto: Anne Lognvik / NRK

- Eg tek helst fly for eg er trøtt etter ei hard arbeidsveke. Det er godt å slappe av på heimreise, og vera litt opplagt til eg møter familien.

– Me er som dei gamle rallarane, med å byggje landet. Det er eit tøft arbeid, me flytter trass alt fjell, seier han med eit smil.

Varmt og godt under jorda

Det er ikkje mange som får bli med under bakken, men etter å ha blitt skriven inn, påkledd hjelm, kjeledress, vernesko og tunnelbrikke som registrerer kvar du er, får NRK bli med under jorda og inn i tunnelane.

Her i mørkeret går arbeidet for fullt. Store bormaskiner, gravemaskiner og lastebilar er i full sving.

Mens rallarane for hundre år sidan gjekk i busserull og hatt, er det sjølvlysande kjeledressar, hjelm og vernesko som gjeld i dag.

.

I dag gjer maskinene det meste av det fysiske arbeidet inne i tunnelane, men maskinene blir styrt av fagfolk som kan jobben sin, folk som ikkje er redde for å gå under jorda.

Boremaskina i arbeid inne i tunnelen

Heime sit fireåringen og saknar far

Vegard Skogheim fekk anleggslivet i blodet, og fylgde draumen. No er han meir i tvil om dette er det rette i lengda.

– Eg lengtar ikkje heim når eg er her på anlegget, men det er fælt å reise att når eg har vore heime.

Sonen som snart fyller fire år, vil ikkje at far skal reise att. Når Vegard har vore borte lenge, kan sonen vera litt reservert med ein gong far kjem heim. Det kostar å vera kar, og det kostar å vera bas.

Skytebas i tunnel er på mange vis den mest påakta jobben ein kan ha, og slik har det vore heilt frå starten av jernbane- og kraftutbygginga her i landet. Skytebasen blei best betalt, og var langt på veg likestilt med dei utdanna ingeniørane og syningane.

Også i dag har skytebasen stort ansvar for at det blir bora og sprengt på rett vis. Gjer ikkje han jobben sin ordentleg, taper firmaet både tid og pengar

Djupe hol

Tore Holgersen frå Haugesund, som jobbar i lag med Vegard på stuffen, kom tilfeldig inn i denne jobben.

Vegard Skogheim og Tore Holgersen

Vegard Skogheim er skytebas, Tore Holgersen er reparatør.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Så lenge han ikkje har ungar og familie, er det ein grei jobb synest han.

Oppe på boreriggen sit dei ved skjermen, og styrer det enorme vassboret som brøyter seg inn i den mørke larvikitten utan problem. Hol på hol, seks-sju meter innover. Etterpå skal det sprengjast.

Å sjå tunnelarbeidarane i aksjon her nede i mørkeret får fram tanken på "arbeidsmaur". Vegard svingar seg ned den bratte stigen frå boreriggen som om det var kjøkentrappa heime.

Dei har det dei kallar ein gamal Nordsjøturnus, såkalla 12–9 turnus. I praksis vil det sei at dei er to veker på jobb, og ei veke heime. I dag har Nordsjøarbeidarar betre friordningar etter deira meining

Jernbaneutbygginga starta i 1851

I 1851 blei det fyrste spadestikket sett i jorda for jernbanestrekninga mellom Christiania (Oslo) til Eidsvoll, og det var sagbruksadelen som pressa på. Dei hadde bruk for å frakte tømmer på ein meir effektiv måte enn med hest og vogn. Alt i 1854 blei denne strekninga tatt i bruk. Det tok 2,5 timar å køyre mellom Eidsvoll og Christiania.

Bygging av Rjukanbanen

Bygging av Rjukanbanen

Foto: Norsk Industriarbeidermuseum

Når det gjeld planlegging og gjennomføring, ser det ikkje ut til å ha gått framover tidsmessig.Planlegginga av den nye Vesfoldbanen med utbetring av Farriseidet - Porsgrunn starta i 1992, men arbeidet starta ikkje før i 2012, altså 20 år etter.

Det skal byggjast dobbeltspor, og fleire nye tunnelar.

Før handla om å koma fram, no gjeld det å spare tid

Når Vegard og dei andre har gjort jobben ferdig, blir reisetida med toget mellom Larvik og Porsgrunn i 2018 redusert med 22 minuttar, frå 34 til berre 12 minuttar.

For rallarane i nybrottstida var det snakk om å brøyte seg gjennom jomfruleg terreng. Kvar tid har sine krav.

Når dei fyrste jernbanestrekningane her i landet blei bygd, måtte Noreg låne pengar i utlandet eller det bleibygd i privat regi. I dag har me råd til å byggje sjølv om kostnadene er svimlande samanlikna med det det kosta for hundre år sidan.

Brakkerigg

Denne brakkeriggen har plass til rundt 80. Alle har enkeltrom av nøktern standard. Enkelte funksjonærar bur inne i byen (Porsgrunn).

Foto: Anne Lognvik / NRK

Eidangerparsellen er kostnadsrekna til 6,5 milliardar kroner. Næringslivet i Vestfold og Telemark får oppdrag for mellom 1,2 og 2 milliardar kroner. NCC, som Vegard jobbar for, er ein av dei store entreprenørane.

I alt arbeider rundt 1000 menn og kvinner med dette prosjektet, men på anleggsområdet er det til ei kvar tid mellom 300 og 500 menneskje, stort sett menn, i sving.

Eit fleirtal av arbeidsfolka er tilreisande, og bur i brakker.

Skal klappe meir på kjerringa

Brakkeriggen på Eidanger er ein av fleire brakkeriggar i området. Den husar rundt 120 mann. Ein av dei er Samson Øyjord (65) frå Mauranger i Kvinnherad. For han er rallarlivet snart over.

Samson Øyjord

Samson Øyjord gler seg til å bli pensjonist.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Ein anleggsveteran som for ut på arbeid då han var 19 år. Og blei der. Kraftanlegg etter kraftanlegg, jernbane- og vegbygging både i inn- og utland. Då han voks opp, var det ikkje så mange moglegheiter når det gjaldt yrkesval.

Han melder seg ikkje friviljug til å bli intervjua, snarare tvert om. Han er på grensa til litt vrang. Med eit smil. Samson har lett for å le. Humøret mistar ein ikkje av å liggje på anlegg.

– Eg gler meg til å bli pensjonist om eit par månader, då får eg fri til å gjera ingenting. Kanskje ta ein fisketur, eller dra til fjells. Og eg skal klappe meir på kjerringa.

Han brukar ikkje store ord denne vestlandsrallaren, men når han snakkar om kjerringa er han varm i stemma.

– Det har vore eit greitt liv, men mykje har forandra seg. No er det mange som sit på kontor, færre er ute. Stordomstida var kraftutbyggingsperioden på 60- og 70- talet, meiner han.

Øyjord prisar den "gamle kjerringa som han alltid har hatt" som han seier.

– Ho heiter Laila Marie, og er det likaste eg har. Ho gjer strevet verdt, er god å koma heim til. Har funne seg i å ta ansvaret heime i alle desse åra.

Kveldane på brakka brukar dei til å sjå på fjernsyn, spela kort, og rive kjeft. Det kan til tider vera ein røff tone, men det er dei vante til.

Øyjord trekkjer seg tilbake til rommet på brakka der han kosar seg med Sudoku, og heilt sikkert tenkjer på ho snille heime. Rommet er ribba for personlege ting. Ikkje eit bilete av familien, ingenting.

– Når me er heime, er det dei andre som brukar romma, fortel Øyjord.

Mannsbastion

Kokka er ein av tre kvinner i eit mannsdominert miljø

Margrethe Lien starta som 18 åring på Ulla Førre-anlegget, og trivast i det mannsdominerte miljøet.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Du skal leite godt for å finne kvinner på Eidangeranlegget, men på kjøkkenet er to av dei tre kvinnene på dette anlegget. Den tredje kvinna driv med oppmåling.

Margrethe Lien frå Haugesund starta som kokke på Ulla-Førre anlegget då ho var 18 år, og seinare har ho levt sine yrkesår på anlegg over heile landet. 35 år har ho bak seg som anleggskokke.

– Karane er stort sett veldig greie. Me får masse skryt for maten, det er kjekt å vera her. Og dessutan, det er dette eg kan. Noko anna har eg ikkje lært meg, avsluttar ho med ein latter.

Kjøtkaker på menyen

Klokka er halv seks på ettermiddagen når Vegard og kameratane kjem til mat. Måltida, og særleg middagen, er høgdepunktet på dagen. Er ikkje maten god, blir dei sure og grinete.

– Maten er god her, mest som heime, seier ein nydusja Vegard. Han forsyner seg dugleg, det gjer dei andre også.

Dei måtte nok finpussa litt på etiketten viss dei skulle ha møtt til slottsmiddag. Men sjansen for det er vel heller liten. Det blir ikkje desse karane som klypper snora når Eidangertunnelen blir opna. Då er dei for lengst vekk, truleg på eit nytt anlegg.

Dei nærast sluker maten, det blir nesten heilt stille i rommet. Berre krafsinga av gaffelen mot porselenet høyrest.

Etter nokre minuttar kjem samtala – og latteren i gang. Det er god stemning i kantina, ein lang arbeidsdag er over.

Vegard vil ringe heim til han som snart er fire. Sonen er veldig interessert i gravemaskiner. Maskiner i det heile, seier ein stolt pappa.

Slost for betre kår

Lektor Tom Nilsen har skrive om anleggstida på Rjukan for Industriarbeidermuseet på Rjukan. Mange hundre menn tok den lange og tungvinde turen til Vestfjorddalen og Rjukan for der var det godt om arbeid.

Det braut ut tyfus i brakkene, og det var harde kår på mange vis. Då som no slost folk for betre løn og betre arbeidskår.

Rallarane som kom til Bergensbanen, Rjukanbanen, Setesdalbanen, Ofotbanen, Sørlandsbanen, Vestfoldbanen og andre strekningar, hadde det til felles med anleggsfolka i dag, at dei flytte med jobben.Var det arbeid å få, kom dei.

Både Vegard og dei andre trur det kan bli vanskelegare å rekruttere unge i framtida.

Det må vera verdt det både økonomisk og i form av fritid, viss me skal få ektefellar og ungar med på at me er borte store delar av tida. Det er dei samde om.

Kom heim i Mecedes

På 70- og 80-talet hadde ein tunnelarbeidar dobbelt så mykje betalt som ein lærar, fortel Vegard. I dag har andre yrkesgrupper har tatt dei igjen. Særleg har nordsjøarbeid vore lønsdrivande.

Løn og status i bransjen har endra seg, stadfester Ruth G. Haug i NFF, interesseorganisasjonen Norsk Forening for Fjellsprengningsteknikk.

På 70-talet var tunnelarbeidarar kongar på haugen. Dei fleste køyrde rundt heime i Mercedes, eller andre dyre bilar. Det hadde dei god råd til.

Haug har sjølv godt 30 års erfaring frå bransjen, og jobbar no som prosjektdirektør i Leonhard Nilsen & Sønner.

Haug seier det blir jobba intenst på svært mange områder både når det gjeld rekruttering, løn og friordningar. Mange av dei store entreprenørane som til dømes LNS, Hæhre og NCC, jobbar dagleg med å sjå korleis dei kan halde på gode folk, og korleis dei kan freiste nye inn.

Framleis er tunnel- og anleggsarbeidaren toleg godt betalt, men forskjellane har blive mindre. Ei skikkeleg utfordring er det at utanlandsk arbeidskraft har ein heilt annan mistetariffsats enn sine norske kollegaer.

Skulle ein berre sjå på pengar, kostar ein utanlandsk tunnelarbeidar om lag det halve av det Vegard og dei andre norske fagarbeidarane kostar.

– Men dette handlar også om kvalitet og kvalifikasjonar, om å sikre framtida, seier Haug.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Tidslinje Norsk Jernbanehistorie» i nytt vindu

Jobbe, eta og sove

Blir kameratane på anlegget ei erstatning for familien?

– Det har eg ikkje tenkt på, men at det er godt kameratskap på anlegga er karane samde om. Sjølv om enkelte byter firma av og til, treffest dei att på anlegg. Blir litt som ein stor familie som kjenner kvarandre. Livet handlar om å jobbe, eta og sova.

– Og prate litt drit, og sjå på fjernsyn seier Vegard. Den eldre garden vil sjå på nyheitene, det finn me oss i.

På opphaldsrommet flatar dei ut

Etter godt 10-timars vakt og middag, flatar dei ut på opphaldsrommet.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Anlegget på Eidanger ligg rett ved Porsgrunn, men det er sjeldan dei dreg inn til byen. Kanskje ein tur når me jobbar helg, seier dei. Men stort sett er det på brakka eller i tunnelen dei er.

Ingen ser ut til å ense at dei er i heimefylket til Ibsen og Vesaas. Det er ikkje så mykje som ei einaste lita bok å sjå nokon stad.

Eit heitt tema

– Eg har ei snill kjerring eg som Samson, seier Skogheim. Han fekk oppfylt draumen om å bli skytebas, men det har vore eit heitt tema i heimen om han må finne seg ein jobb så han kan koma heim kvar kveld. Så langt har han fått grønt ljos for å halde fram som reisande anleggsarbeidar.

Samson Øyjord trur Vegard har rett. Sjølv kan han telje dagnane til han er ferdig, den yngrekollegaen har mange, mange år att. Øyjord oppfattar at det er verre for dei som er unge i dag. Kvinner forlanger at far skal vera til stades, ta sin del.

Vegard tel på knappane, han er budd på å finne seg ein jobb nærare heimbygda Fresvik viss ikkje friorndinga blir betre. Det er det to der heime som vil bli glade for.

Tunnelen må ha god utlufting

Tunnelen må ha god utlufting viss det skal vera mogleg å jobbe der.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Snart dreg han til neste anlegg

Vegard Skogheim er ferdig på Eidanger i november, og enno veit han ikkje kvar den neste arbeidsplassen blir.

Det kan bli permitteringar, eller han får vite kvar han skal rett før han dreg sin kos frå Telemark. Uansett, på den neste jobben møter han truleg att mange av dei han no delar måltid med.

Men Samson Øyjord avsluttar yrkeskarriera i Telemark.

Snart skal han heim å klappe på kjerringa. Det.gler han seg til.

  • Ber gardeigarar rydde snø

    Gardeigarar i Skien sentrum pliktar å rydde snø frå fortaua, og å strø når det er glatt. Det seier einingsleiar Bjarne Skauen i Skien kommune. Skauen ber gardeigarane legge snøen på eigen eigedom, og ikkje måke han ut i vegen.

  • Skagerak fryktar nye straumbrot

    Skagerak Energi fryktar nye problem med straumforsyninga, dersom det kjem meir snø. Det seier kommunikasjonssjef Thor Bjørn Omnes. Omnes seier at mange tre står i fare for å knekke, og at dette kan føre til nye straumbrot.

    Helikopter strøm agder energi
    Foto: Odd Rømteland / NRK
  • Godt år for AT Skog

    AT Skog omsette i fjor meir enn ein million kubikkmeter tømmer. Det er eit av dei beste resultata i tømmersamvirket si soge, seier marknadssjef Hans Erik Røra. Røra seier at gode tømmerprisar er årsak til dei gode resultata.

  • Tok avskil med Bjørg Vik

    Ei fullsett Vestsida kyrkje i Porsgrunn tok i dag avskil med forfattaren Bjørg Vik, som døydde sist sundag. Familie og vener heidra den særmerkte forfattaren, som utmerka seg ved å skrive om kvinners liv og kamp.

    Gravferd, begravelse Bjørg Vik
    Foto: Anne Lognvik / NRK