Hopp til innhold

Får kritikk for å ikkje delta i debatt om Ibsenpris

Komitéen for Ibsenprisen får kritikk for å ikkje delta i debatten om årets Ibsenpris til Peter Handke.

Komitéen for Ibsenprisen får kritikk

Den første leiaren av Ibsen Awards, Inger Buresund, meiner komitéen for den internasjonale Ibsenprisen har gøymt seg, og ikkje fronta debatten om tildelinga av den internasjonale Ibsenprisen til den svært kontroversielle forfattaren Peter Handke.

Les også:

Inger Buresund er direktør for Ibsen International og som tidlegare teatersjef for Teater Ibsen i Skien var ho ein av initiativtakarane for å få til den internasjonale Ibsenprisen.

Buresund var også den fyrste leiaren av Ibsen Awards. Og årets Ibsenpris er problematisk.

– Eg synest det er eit veldig vanskeleg dilemma. For meg er kunsten så tett knytt til livet at eg har problem med å sjå mannen separat frå hans verk. Så eg hadde vel kanskje vald ein annan.

Les også:

Ønskjer djupe debattar

Inger Buresund

Inger Buresund vil ha debatt om Ibsenprisen.

Foto: Vibeke Ravndal / NRK

Buresund meiner komiteen som deler ut Ibsenprisen har vore for lite flinke til å delta i debatten og grunngje tildelinga av årets pris til Peter Handke.

– Eg synest det er synd når komitéen gjer eit såpass kontroversielt val, at dei ikkje står i debatten fullt ut. Vi diskuterer veldig sjeldan i djupt i Noreg, og eg ønskjer fleire slike debattar.

Buresund meiner dette ville vore eit utmerka høve til å gjere det, så ho forstår ikkje det valet komitéen har gjort. At dei nærast har gått i skjul og latt alle andre fått sleppe til.

– Dei burde ha stått i dette valet og forklart det klart og tydeleg kvifor. Det ville skapt eit anna debattklima enn det har vore til no, seier Buresund.

Les også:

Betre og grundig debatt

Per Boye Hansen, direktør for Festspillene i Bergen

Per Boye Hansen er juryleiar for Ibsenprisen.

Foto: Marit Hommedal / SCANPIX

Teaterfolk har stilt spørsmål ved om det var rett mann som fekk prisen i år. Kritikken mot Handke handlar om stillinga han har tatt til krigen på Balkan. Buresund trur det uansett ville blitt demonstrasjonar og protestar.

– Det hadde det sikkert blitt. men når komitéen først gjer eit slikt val, så må dei stå fram og stå for det valet. Då trur eg vi hadde fått ein betre og grundigare debatt. Nå har det blitt veldig mykje kjensler, og det er eit interessant val, seier Buresund.

Juryleiar Per Boye Hansen seier til NRK at han ikkje forstår den kritikken Inger Buresund kjem med.

Les også: