Hopp til innhold

Dei mest populære turstiane på Hardangervidda

Hardangervidda er blitt ein turistpark. Stadig fleire oppsøker nasjonalparken på dagsturar og lengre turar langs dei merka turstiane til Den Norske Turistforening.

Trolltunga

Trolltunga er eit populært turmål for mange turistar.

Foto: Asle Hella / NRK

Det viser ferdselsregistreringar som Norsk institutt for naturforsking og Statens naturoppsyn har gjennomført.

Trolltunga i Tyssedal i Odda kommune er den klart mest besøkte turstien på Hardangervidda om sommaren.

– Den er i ei særstilling med fleire besøkande enn alle dei andre turstiane på Hardangervidda til saman, seier Vegard Gundersen i NINA.

Trolltunga er ein av dei mest spektakulære fjellformasjonane i Noreg. Den ligg 1100 meter over havet, om lag 700 meter over Ringedalsvatnet.

Her er dei ni mest besøkte DNT merka turstiane etter Trolltunga.

1. Falkeriset/Falkenuten

Falkenuten på Rauland i Vinje

Falkenuten på Rauland med utsikt mot Møsvatn i Vinje.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Familievennleg tur i vakker høgfjellsnatur med panoramautsikt mot Hardangervidda, Gaustatoppen og Møsstrond. Falkenuten ligg 1096 meter over havet på Rauland i Vinje kommune.

2. Tinnhølen

Tinnhølen er ein innsjø som ligg i Eidfjord og Nore og Uvdal kommune. Det går ein veg inn hit frå riksveg 7 og det er ein parkeringsplass. Her går det turstiar vidare mot fleire turisthytter på den sentrale delen av Hardangervidda.

3. Hjølmaberget

Dette er ein flott tur inn mot den populære Veigdalen. Du tek av mot Hjølmo i Øvre Eidfjord, og følger denne vegen cirka 10 km i den dramatiske naturen.

4. Munkatreppene

Vårlig utsikt fra Munketrappene

Her ser vi ein vårleg utsikt frå Munkatreppene.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Skogsveg og sti opp frå Lofthus til Nosi cirka 950 meter over havet. På 650–700 meter høgde ligg Munkatreppene, der steinar er lagt som trapper i terrenget laga av munkane som kom til Opedal på 1200- talet.

5. Husedalen

Buføring opp Husedalen til Stavali Innover Håhaugane til Stavali

Buføring på veg opp Husedalen til Stavali.

Foto: Victoria Linnerud

Turen gjennom Husedalen blir rekna som ein av dei vakraste fotturane i Noreg. Naturen og fossane i Husedalen tek pusten frå dei fleste. Fire flotte fossar ligg tett etter kvarandre på turen frå Kinsarvik opp til Hardangervidda.

6. Solheimstulen

Solheimstulen ligg ved foten av Hardangervidda Nasjonalpark, heilt øvst i Jønndalen i Uvdal ved Nordmannsslepa. Her er det merka sommarstiar og vinterløyper til Mårbu, Rauhelleren, Åan, Imingfjell og Dagalifjell.

7. Haukeliseter mot Hellevassbu

Haukeliseter Fjellstue

Haukeliseter fjellstue ligg ved E134 og er eigd av Stavanger turistforeining.

Foto: Den Norske Turistforening

Turen tar utgangspunkt i Haukeliseter fjellstue i Vinje kommune. Her er det merka tursti mot Hellevassbu og Litlos. Og vidare inn mot Sandhaug og den sentrale delen av Hardangervidda.

8. Dagali Sæterdalen

Minnesmerke om offer for Svartedauen

Her ved Lågen ved Ossjøen vest for Dagali er det reist eit minnesmerke over folk som døde under Svartedauden.

Foto: Jan Gulliksen / NRK

Er eit hytteområde i Hol kommune i Buskerud, og den merka stien går i Dagali Sæterdalen langs med Numedalslågen mot Åan turisthytte, og vidare inn på Hardangervidda i Nasjonalparken.

9. Nupshallene

Vesle Nup stikker opp fra platået nord for Haukeliseter

Bilete viser utsikta mot Vesle Nup på Hardangervidda.

Foto: Haukeliseter Fjellstue

Turen her tar også utgangspunkt i Haukeliseter fjellstue. Manger går turen til fjelltoppane Store Nup eller Vesle Nup, eller vidare til Valldalen i Røldal på dei merka stiane.

Norsk institutt for naturforsking har saman med Statens naturoppsyn hatt ferdselstellerar ute ved dei 40 mest trafikkerte innfallsportane til Hardangervidda frå 1. juli til 1. oktober 2017.

Tala er dei totale passeringane for teljaren. Ein person som går fram og tilbake på dagstur vil bli telt to gonger.