Hopp til innhold

Nettdating – frå kleint til stuereint

Ellen og Fred-Michel venta to år før dei fortalde familien korleis dei møtte kvarandre. – Nettdating var jo noko ein forbant med sære og desperate folk.

Nettdating

TRE GENERASJONAR: NRK har møtt tre par som trefte kvarandre på internett. Tone Gurrik og Tore Wiborg (t.v.), Ellen og Fred Michel Ostojic (i midten), og Lars Madsen og Caroline Grønlund (t.h.).

Foto: Martin Torstveit / NRK

Det stadig veksande fenomenet nettdating har pirra nysgjerrigheten til forskarar dei siste åra. Fleire studiar teiknar et positivt bilde av parforhold som starta på nett.

Men, det har ikkje alltid vore like stuereint å bruke internett for å finne ein partnar.

Ellen Holter Ostojic og Fred Michel Ostojic trefte kvarandre via internett allereie i 2002.

Året da Nokia var den største produsenten av mobiltelefonar, og Netflix berre kunne sende filmar i posten.

– Me var tidleg ute, og me menneske er jo alltid kritiske til nye ting, seier Fred Michel Ostojic.

Paret møtte kvarandre på ein kafe i Kristiansand, etter å ha kome i kontakt via nettstaden Spraydate.

Men da dei blei kjærastar var det ikkje mange som fekk vite at forholdet deira hadde starta på internett. Det var berre nokre få utvalde vener som fekk høyre heile historia.

Til familie og kollegaer sa dei berre at dei hadde møtt kvarandre på byen.

– Me gjekk ikkje akkurat rundt med skilt og sa at me hadde møtt kvarandre på Spraydate, seier Fred Michel Ostojic.

Fred Michel Ostojic og Ellen Holter Ostojic

SPRAYDATE: Ekteparet Ostojic tykte det var litt flaut å fortelje folk at dei hadde møtt kvarandre på nettstaden Spraydate.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Venta til bryllaupsdagen

Nokre år seinare gifta dei seg. Da var det på tide å fortelje folk heile historia om korleis dei hadde funne kvarandre.

Alle som var til stades i bryllaupet fekk vite at brudeparet hadde møtt kvarandre på internett.

Reaksjonane var blanda.

Nokre av gjestene tykte det var kult, medan andre rynka litt på nasen. Felles for dei alle var at dei blei overraska.

– Nettdating var jo noko ein forbant med sære og desperate folk. Ein såg på det som ein siste utveg for å finne ein kjærast, seier Ellen Holter Ostojic.

Ekteparet var ikkje aleine om å kjenne på utfordringane knytt til nettdating på den tida.

Bryllaup ostojic

GIFT: Michel Ostojic og Ellen Holter Ostojic gifta seg i 2004. To år etter at dei møtte kvarandre via internett.

Foto: privat

Blei sett på som umoralsk

I 2004 ønskte Tone Gurrik å treffe ein mann.

Han skulle vere eit sprekt friluftsmenneske, som ikkje var redd for å vise kjenslene sine. I tillegg måtte han også ha det riktige politiske standpunktet.

Når ho hadde så detaljerte krav til ein framtidig partnar, var det også vanskeleg å finne han i kvardagen.

Sidan ho ikkje ville gå på byen, var det avgrensa kor mange nye menneske ho møtte.

Etter mange rundar med seg sjølv, laga ho difor ein profil på nettstaden Match.com.

– Det sat langt inne å lage ein profil, seier Tone Gurrik.

Etter nokre forsøk utan hell, kom ho over profilen til Tore Wiborg. Mannen ho nå er gift med, og bur saman med på Nøtterøy i Vestfold.

Dei var begge 50 år gamle da dei fann kvarandre på nettet. I møte med andre folk, opplevde dei ofte fordommar mot det.

– Det var mange fordommar rundt internett den gongen. Nettdating blei knytt til sex og desperasjon, seier Wiborg.

Begge fekk også ei kjensle av at folk såg på nettdating som umoralsk. Det var rett og slett ikkje stuereint å bruke internett til å finne ein partnar.

Men etter kvart som åra har gått, har nettdating hatt ei forrykande utvikling.

Tone Gurrik og Tore Wiborg

VETERANAR: Tone Gurrik og Tore Wiborg er i dag gift og brukar mykje tid saman i naturen.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Nettet blei redninga

Caroline Grønlund oppretta ein profil på Tinder i 2015.

Ho var 18 år, og hadde aldri vore i eit fast forhold. Veninna hennar tykte det var for gale, og tvang hennar til å lage profilen.

Det gjekk ikkje så lang tid før Grønlund kom seg på sin fyrste tinderdate. Den gjekk ikkje så bra.

– Den daten var ei katastrofe, seier Grønlund.

Heldigvis skulle lykka hennar snu.

Ein dag kom ho i kontakt med ein mann frå Skien som heiter Lars Madsen. Dei fann tonen umiddelbart, fordi dei hadde så mange felles interesser.

Begge var veldig glad i å sjå film og TV-seriar.

– Eg falt pladask da eg skjønte at han likte «Doctor Who», seier Grønlund.

Med tida blei dei kjærastar, og er i dag sambuarar. For dei var internett ein perfekt plattform å finne kvarandre på.

Begge har utfordringar når det kjem til å snakke med folk ansikt til ansikt. Spesielt når dei møter folk for fyrste gong.

At dei kunne bli kjent ved å skrive til kvarandre, blei difor ei redning. Dei fekk enklare vist fram kven dei var, noko som har ført til eit sunnare forhold.

– Det hjelpte å kunne sitje på trygg avstand og sende meldingar i starten. Det tok vekk ein stressfaktor, seier Madsen.

Caroline Grønlund og Lars Madsen

SAMBUARAR: Caroline Grønlund og Lars Madsen bur saman i Skien.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Blitt sosialt akseptabelt

Sambuarparet i Skien har aldri fått nokre negative reaksjonar på at dei møtte kvarandre på internett.

– Eg meiner det er meir normalt å møte nokon på internett, i staden for å leite etter nokon som bur i det same området, seier Madsen.

Dei høyrer til ein generasjon der internett er ein naturleg plattform for det meste, også for å finne kjærleiken.

Berre sjekkeappen Tinder har om lag 50 millionar brukarar i heile verda.

Sosialantropolog og trendforskar Gunn-Helen Øye har skrive bok om nettdating. Ho seier Tinder har fjerna skamma folk har kjent på, når dei har bruka nettet til å finne kjærast.

I tillegg hjelper det at nettdating har fått nokre år på seg til å bli noko nesten alle nordmenn gjer i kvardagen. Som alle andre trendar har dette også blitt vanleg med tida.

– Nettdating har nå blitt heilt stuereint, seier Øye.

Ekteparet Ostojic har også merka at haldningane til nettdating har endra seg. Det er rett og slett ikkje noko folk reagerer på lenger.

– Hadde me møtt kvarandre på internett i dag, så hadde eg ikkje bekymra meg ein millimeter, seier Ellen Holter Ostojic.

Wiborg og Gurrik merkar også at dei får andre reaksjonar når dei fortel folk korleis dei møtte kvarandre.

– Nå er det berre ei morosam historie. Nettdating har blitt veldig normalt, seier Gurrik.

Fann kjærleiken utan bilete

Dei tre para har hatt ulike opplevingar med nettdating, men ein ting har dei til felles. Ingen av dei har latt bilete spele ei rolle da dei tok kontakt med partnaren sin for fyrste gong.

For ekteparet Ostojic var det ikkje mogleg å laste opp bilete på Spraydate, og bilete var heller ikkje så tilgjengeleg i 2002. Det er dei glad for i dag.

– Når det kjem til stykket så er det ikkje utsjånaden som gjer at forholdet blir bra, seier Fred Michel Ostojic.

Pensjonistparet Gurrik og Wiborg hadde moglegheita til å lage profilar med bilete, men valde å la vere. Dei trur folk går glipp av noko om dei legg for stor vekt på utsjånad.

– Fordelen med å møte kvarandre på internett er at du får bli kjend med innhaldet i personen, og deira historie, seier Wiborg.

Til og med sambuarparet Grønlund og Madsen har ikkje latt bilete spele ei rolle. Sjølv om dei møtte kvarandre på Tinder, som har eit rykte på seg for å spele på utsjånad.

Grønlund skjulte profilbileta med handa da ho brukte appen, og fokuserte utelukkande på det som stod skrive i profilen.

– Eg tenkte at viss me matcha berre på interesse, så var det greitt å møte kvarandre i den verkelege verda, seier Grønlund.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark