Hopp til innhold

Ron Bruinvis i partiutspørjing

Miljøpartiet de Grønne kan bli den store overraskinga ved stortingsvalet 9. september. Partiet er i framgang på meiningsmålingane.

Ron Bruinvis(MDG)i partiutspørjing.

Sjå utspørjinga av Ron Bruinvis (MDG) her

Miljøpartiet de Grønne (MDG) er ein forholdsvis ny blomster i den norske partifloraen. Fram til nå har dei grøne ikkje hatt særleg vekstevne når vi ser på veljaroppslutning, verken i Telemark eller på landsbasis.

Dei har stort sett vore eit promilleparti, men ved kommunevalet sist fekk dei inn ein representant i Porsgrunn bystyre.

Les også:

Rasmus Hansson som listetopp

Nå stiller MDG liste ved stortingsvalet og har større ambisjonar enn nokon gong. I Oslo har partiet køyrt opp rikskjendis og tidlegare WWF-leiar Rasmus Hansson som listetopp.

Det har gitt partiet vind i seila og mykje merksemd, og meiningsmålingane viser nå at Miljøpartiet de Grønne kan få Hansson inn på tinget frå Oslo.

Dei grøne nærmar seg og den magiske grensa på 4 prosent, altså sperregrensa for utjamningsmandat. Viss MDG skulle klare det, får partiet brått seks til åtte stortingsrepresentantar som utjamningsmandat spreitt over heile landet. Då kan den eine av dei like gjerne vere Ron Bruinvis frå Telemark som ein kandidat frå eit anna fylke.

Norsk-nederlendar på topp

I Telemark stiller partiet med tinndølen Ron Bruinvis på topp. Han er opphavleg frå Nederland og politisk eit ganske ubeskrive blad.

Organisasjonen til MDG i Telemark er ganske svakt utbygd, men dei grøne har gjort eit lite kupp før valet: By og nærmiljøpartiet i Porsgrunn, som fekk 17 prosent oppslutning ved kommunevalet i 2011, støttar stortingslista til MDG.

Fleire av nærmiljøpartiets bystyrefolk i Porsgrunn er med på stortingslista til MDG.

Om veljarane følgjer med til dei grøne 9. september – det blir spennande å sjå.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark