Hopp til innhold

Danskane kan velte norsk søppelimperium

KØBENHAVN (NRK): I Noreg rasar debatten om kor ein skal leggje eit nytt deponi for farleg avfall. I Danmark utviklar dei ein ny reinsemetode som kan revolusjonere avfallsindustrien.

Per Wullf

SATSAR: Leiar ved Vestforbrænding i Danmark, Per Wullf, satsar stort på ein ny dansk reinsemetode i samarbeid med Stena Recycling A/S.

Foto: JOHN-ANDRE SAMUELSEN / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Eg er nesten 100 prosent sikker på at det vil fungere, seier Erik Rasmussen i Stena Recycling A/S.

Han har jobba i 20 år for å finne ein reinsemetode, som nøytraliserer det farlege stoffet flygeoske. Eit reststoff som ligg igjen etter at avfall har blitt brent opp.

No ser det ut til at han har greidd det.

Metoden har fått namnet HaloSep, og er et samarbeidsprosjekt mellom Stena Recycling og Vestforbrænding. Viss den fungerer vil det vere eit gjennombrot for miljøet i heile verda.

I Noreg kan det bety slutten for deponiet på Langøya, og deponiplanane i Brevik. Samstundes kan det føre til store moglegheiter i Møre og Romsdal.

Mandag ettermiddag kom nyheita om at investor Bjørn Rune Gjelsten stoppar vidare investeringar for å utvikle avfallsdeponi i Brevik. Han tilbyr staten å overta, skriv VG.

Erik Rasmussen

FORSKA I 20 ÅR: Erik Rasmussen i Stena Recycling A/S gler seg til atreinsemetoden han har funne opp skal bli testa i full skala.

Foto: JOHN-ANDRE SAMUELSEN / NRK

Millionstøtte frå EU LIFE

Reinsemetoden til Rasmussen skal no bli testa ut i stor skala.

Det største avfallsselskapet i Danmark, Vestforbrænding, byggjer eit anlegg som skal reinske flygeoske med HaloSep-metoden.

Sidan selskapet produserer energi ved å brenne avfall, sit dei igjen med store mengder flygeoske i året. Dette farlege avfallet må dei sende til spesialdeponi på Langøya i Noreg, eller til gruver i Tyskland.

Ved hjelp av den nye reinsemetoden håpar selskapet å skilje ut metalla og saltet som finst i oska. Da kan ein dra nytte av desse minerala. Mengda flygeoske blir også redusert.

I tillegg vil oska no vere så trygg, at den kan bli sendt til vanlege deponi i Danmark.

– Dette er den beste løysinga me har sett til no, seier leiar for Vestforbrænding, Per Wullf.

Det nye reinseanlegget skal stå klart om seinast ni månader, og skal ha ein testperiode på to år.

Prosjektet blir gjort i samarbeid med det svenske gjenvinningsselskapet Stena metall. I tillegg får dei pengestøtte frå EU LIFE.

Til saman blir det investert over 50 millionar norske kroner i prosjektet.

Skeptisk til løysinga

– Konsept som dette har eg høyrd om sidan 2002, seier Carl Hartmann.

Han er administrerande direktør i avfallsselskapet NOAH, som driftar deponiet for farleg avfall på Langøya utanfor Holmestrand.

Dei tek imot flygeoske frå Noreg, Sverige og Danmark. Selskapet omsette for 580 millionar kroner i 2017.

På Langøya blir oska blanda med svovelsyre. Resultatet er eit gipsliknande stoff som blir lagra på øya.

Det blir ikkje resirkulert noko frå korkje oska eller syra i prosessen. Gipsen er rekna som farleg avfall.

I 2024 er øya full. Selskapet ønsker difor å lagre gipsen i gamle gruvegangar i Brevik.

Dette er det stor motstand mot lokalt, og Porsgrunn kommune har difor sagt nei til deponi i kystbyen.

NOAH og Miljøorganisasjonen Bellona meiner på sin side at Brevik er det tryggaste alternativet for lagring av farleg avfall. Det syner også ei konsekvensutgreiing.

Hartmann trur ikkje reinsemetoden i Danmark vil fungere på kort sikt. Men om danskane lukkast i framtida innrømmer han at det vil endre avfallsindustrien.

– Det vil føre til ei kraftig endring om dei får til denne teknologien.

Carl Hartmann

HASTAR MED EI LØYSING: I 2024 er det ikkje plass til meir farleg avfall på Langøya. Difor ønsker Carl Hartmann og NOAH å lagre farleg avfall i Dalen gruver i Brevik. Hartmann meiner også at det vil vere behov for ei deponiløysing i lang tid framover.

Foto: John-Andre Samuelsen / NRK

Departementet vil vurdere metoden

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) skal bestemme om NOAH får utvide drifta, og bruke Dalen gruver i Brevik til deponering av det farlege avfallet sitt.

Han er positiv til at det kjem nye løysingar som kan reinske flygeoske. Han har difor valt å utsetje avgjerda. Slik at eit ekspertutval kan sjå på alternative løysingar som kan vere betre enn eit deponi i Brevik.

– Porsgrunn kommune har sagt nei til deponi. Da må me sjå på alternativa, seier Elvestuen.

Ministeren stadfester at HaloSep er ei av løysingane utvalet skal sjå på. Om utvalet finn fram til ei god løysing, som reduserer mengda farleg avfall, vil det ha mykje å seie for kva løysing departementet går for.

Elvestuen er tydeleg på at han vil setje miljø framfor økonomi når dei skal gjere eit endeleg vedtak.

Ola Elvestuen

VIKTIG TEMA: Klima- og miljøminister Ola Elvestuen seier regjeringa ønsker å vere best i verda på sirkulær økonomi. Dei vil difor sjå på alle moglege løysingar for handtering av farleg avfall

Foto: Milana Knezevic

Vil leggje ned Langøya

Pia Olsen Dyhr som representerer Sosialistisk Folkeparti i Danmark meiner Elvestuen og den norske regjeringa er alt for treige til å ta tak i avfallsproblema som verda står ovanfor.

Ho meiner ein må leggje ned deponeringsdrifta på Langøya og satse på den nye teknologien som kjem.

– Alle land i verda har problem med å handtere avfall. Difor er det viktig å satse på grøne løysingar, seier Dyhr.

Ho meiner at Noreg har eit særleg ansvar for å gå først sidan dei tek imot så mykje avfall frå andre land på Langøya.

– Langøya høyrer til fortida, seier Dyhr.

Elvestuen svarar på kritikken ved å peike på Noreg no tek det ansvaret ved å setje ned ekspertutvalet.

Hartmann seier at ein fyrst må sjå at dei nye løysingane er gode nok, før ein kan stoppe drifta på Langøya. Sidan heile saka faktisk handlar om å verne miljøet for farleg avfall.

Pia Olsen Dyhr

VIL HA SLUTT PÅ DEPONI: Politikar Pia Olsen Dyhr meiner det er gammaldags å deponere farleg avfall, når det finst teknologi som kan resirkulere.

Foto: JOHN-ANDRE SAMUELSEN / NRK

Storsatsing i Nesset

Om lag ein tredjedel av flygeoska NOAH handterer på Langøya kjem frå Danmark. Oske dei mest sannsynleg vil miste om Halosep-metoden lukkast.

– Me vil merke det, men det er ikkje dramatisk for produksjonen, seier Hartmann.

Men skulle danskane lukkast med reinsemetoden, står andre aktørar i Noreg klare til å utfordre NOAH.

I Nesset kommune i Møre og Romsdal planlegg dei eit avfallsanlegg på Rausand. Anlegget er eit alternativ til Langøya og Brevik.

Dei satsar på den danske reinsemetoden, og ønsker å byggje anlegget fire gonger større enn dei gjer i Danmark.

– Da kan me ta imot alt farleg avfall i Noreg. Me reknar med å kunne vinne att om lag 50 prosent, seier Geir Allum Sørensen. Han er ein av dei som står bak prosjektet på Rausand.

Avfallet som ligg igjen etter reinskinga vil dei lagre i store hallar i fjellet. Hallane byggjer dei for å vere sikre på at dei har ein plass å lagre avfallet.

Forskjellar i dansk og norsk lovverk gjer at dei ikkje er sikre på om dei kan lagre avfallet på eit vanleg deponi i Noreg, slik som dei planlegg i Danmark.

– Med tanke på norsk regelverk er me i grenseland, seier Sørensen.

Korleis Noreg skal handtere farleg avfall i framtida blir ikkje bestemt før ekspertutvalet er ferdig med sin vurdering. Kor lang tid det vil ta, og kven som skal sitje som ekspertar i utvalet er førebels ikkje kjend.

Geir Allum Sørensen

FØLGJER MED PÅ PROSESSEN: Geir Allum Sørensen er utleigd til svenske Stena metall, og følgjer utviklinga av HaloSep-metoden i Danmark tett.

Foto: JOHN-ANDRE SAMUELSEN / JOHN-ANDRE SAMUELSEN

Vil du lese meir om bakgrunnen for deponidebatten? Les kampen om søppelmilliardane her.