NRK Meny
  • Kan få gratis graut på skulen

    Elevane i den vidaregåande skulen i Telemark kan få servert gratis graut på skulen i fire år til. I går løyvde fylkesutvalet over fire millionar kroner til dette. Det var KrF, Ap, SV og Raudt som foreslo gratis graut.

    Skolegrøt
    Foto: Britt Boyesen / NRK
  • Mista førarkortet for slitte dekk

    Føraren av ein lastebil har mista førarkortet for å ha to nedslitte framdekk på lastebilen. Lastebilen blei stoppa på E134 i Notodden.

  • Hund som beit treåring blir avliva

    Eigarane av hunden som beit ein treåring i Skien har fått førehandsvarsel om at hunden blir avliva. Politiadvokat Christian Ytterbø i Sør-Øst politidistrikt seier til TA at vilkåra i paragraf 18 i hundelova for å fatte vedtak om avliving er oppfylt.

    Ulvehund
    Foto: Petter Melsom / NRK
  • Kan bli overkøyrt av staten

    Fylkesordførar Sven Tore Løkslid (Ap) er redd Vestfold og Telemark kan bli overkøyrt av staten dersom dei ikkje blir einige på det felles fylkestingsmøte i Tønsberg i dag. Også Gunn Marit Helgesen (H) meiner fylka har mest å vinne på å bli samde.

    Sven Tore Løkslid
    Foto: Anne Lognvik / NRK