Hopp til innhold

Vil bruke millionar for å sikre campingplassar

SELJORD (NRK): Dei neste hundre åra vil det kome hyppigare og større flaumar. Campingplassane rundt Seljordsvatnet bur seg på klimaendringane og fyller opp tusenvis av kubikk med jord og grus.

Sanden Camping

FLAUMUTSETT: Sanden Camping har hatt problem med flaum i mange år. Her frå flaumen i 2011.

Foto: Børre Kartrudseter / NR>K

Hausten 2015 var det to store flaumar i Seljordsvatnet. Vatnet fløymde inn over campingplassane og sette 15 campingvogner under vatn på Sanden camping.

Dei har no fylt opp 4.000–5.000 kubikk masse for å heve dei mest utsette delane av plassen.

500 lastebillass

Sanden Camping

Dette området er heva med ein halv meter for å unngå skade ved framtidige flaumar.

Foto: Børre Kartrudseter / NRK

– Vi brukar over ein halv million kroner på dette, men vi er nøydde til å gjere det. Dette er å sikre verdiane til gjestene våre, seier drivar Jan Egil Manheim ved Sanden Camping.

Etter flaumen har han fått køyrt på 500 lastebillass og heva terrenget med ein halv meter.

Også på Seljord camping er problema store når Seljordsvatnet er 2,5 meter høgare enn normalt. Vatnet veltar inn og dreg med seg mykje søppel og skrot. Dei vil bruke mellom ein halv og ein million kroner på heve delar av campingplassen.

– Vi har fått løyve til å fylle opp eit seks dekar stort område med 1,5 til 2 meter. Men vi vil vente til vi får tak i billig fyllmasse frå ein planlagt tunnel på Rv36, seier eigar Solfrid Bjørge.

Sanden camping, lass med jord

Her blir det køyrt på masse for å heve terrenget på campingplassen.

Foto: Mikkel Aanderaa / NRK

Tapar inntekter

Flaumane sist haust fekk økonomiske konsekvensar for Seljord camping. Område som dei normalt brukar til camping under Dyrsku'n, stod under vatn eller var for våte. Fordi området er så flaumutsett har dei valt å ikkje ha permanente campingvogner i området. Det tapar dei også pengar på.

Likevel er det mange feriegjester som ynskjer å stå nær vatnet. Når det ser eit flaumstort Seljordsvatn skjønar dei at dei ikkje kan ha campingvogna eller teltet der det er ein halv meter vatn.

Ros frå kommunen

Seljord kommune er veldig glade for at campingplassane førebur seg på villare klima med meir flaum.

– Dei er viktige næringar for alt som skjer i Seljord sommar og vinter. Vi har oppmoda til flaumsikring, og det er bra at dette no skjer, seier kommunalsjef Frid Berge i Seljord.

Klimaendringane vil gje større utfordringar også for Seljordsvatnet i åra framover.

– Vi veit at det dei neste hundre åra vil det kome hyppigare og større flaumar enn det vi har sett til nå, seier Frid Berge.