NRK Meny

Bytt fastlege til Kviteseid

Ordføraren i Kviteseid oppmodar innbyggarane med fastlege i Seljord om å byte til Kviteseid for å betre kommuneøkonomien. Nesten 800 kviteseiingar har fastlege i Seljord, og om alle desse byter til Kviteseid sparer kommunen ein million kroner. Kviteseid kommune må spare fire millionar kroner neste år, skriv Vest-Telemark Blad.