NRK Meny
Normal

Kina har oppdaga folk-rock bandet Byting

Bø-bandet Byting fortset oppturen. Nå er det interesse for bandet i Kina.

byting

Midt-Telemarksbandet Byting blir omtalt i Kina. Nå har den kinesiske avisa Global Times oppdaga folk-rock-bandet, som for alvor blei kjent på Telemarkscenen her i Telemarksendinga.

Høyrde Byting på internett

Thomas Hellekås er vokalist og låtskrivar i Byting trur det er internett som er grunnen til at Byting blei oppdaga i Kina.

– Vi fekk ei melding frå ein kar om at han lika musikken til Byting. Denne karen jobba ved eit museum i Moskva, men fortalde at han skulle skifte jobb og bli journalist for Global Times, fortel Hellekås.

Og for kort tid sidan fekk Thomas Hellekås eit spørsmål om eit intervju for Global Times i Kina.

– Sjølvsagt slo eg til på det, seier Hellekås.

Språket var ei utfordring

– Trur du han har høyrt Byting på Telemarkscenen?

– Det kan faktisk godt hende. For denne journalisten er veldig interessert i norsk folkemusikk, blant anna. Han skal ta doktorgrad innanfor nordisk mytologi, fortel Hellekås.

Journalisten var også veldig interessert i namnet Byting, og hadde mykje kunnskap om norsk folkemusikk.

– Det blei likevel litt språkbarrierar under intervjuet, men det var veldig moro i alle fall, seier Hellekås.

God PR for Byting

– Sist Byting spela på Telemarkscenen sa du at målet var verdsherredømme, er de på veg dit nå?

– Ja. Det kan virke slik.

Hellekås trur likevel det kan bli vanskeleg å slå gjennom i Kina.

– Men dei likar veldig mange spesielle ting i Kina, så det kan godt hende.

Det er likevel lite truleg kinesarane forstår tekstane utan å få hjelp til å omsette.

– Men det er jo god PR for Byting og bli omtalt i utanlandske media, seier Hellekås.

,

  • Nedbør på veg frå Nordsjøen

    Laster Twitter-innhold
  • Helsepartiet slår seg saman

    Helsepartiet slår saman laga sine i Telemark og Vestfold. Styreleiar blir Kåre Birger Grebstad (Horten), medan Kyrre Dahl (Porsgrunn) blir nestleiar. Partiet vart stifta i 2017, og har som ambisjon å stille lister til kommune- og fylkesvalet i 2019.

  • Redd for sprengstoff i hagen

    Mannen frå Porsgrunn som er sikta for å ha oppbevart sprengstoff, er på nytt gripen av politiet. Eit vitne hevdar at han også har sprengstoff i hagen, skriv Varden. Politiet ynskjer nå å gjera nye undersøkingar for å vera sikre på at alt er fjerna.

  • Folkets hus kollapsa

    Folkets hus i Drangedal kollapsa i går kveld, melder TA. Ifølgje avisa er det store mengder snø på taket som er skuld i kollapsen. Huset skal ikkje har vore i bruk på mange år.