Hopp til innhold

Bygger verdas første førarlause el-skip

PORSGRUNN (NRK): Verdas første førarlause skip blir norsk. Verftet Vard i Brevik har fått oppdraget med å bygge skipet som vil erstatte 40.000 årlege turar med tunglasta lastebilar på vegane.

Yara Birkeland

Yara Birkeland, her i ei mindre utgåve, skal byggjast hos Vard i Brevik.

Foto: John-André Samuelsen / NRK

– Det er ein milepæl for norsk maritim sektor, men også for heile klimasatsinga framover. Dette er framtidsretta løysingar som gjer at vi ligg i forkant, seier statsminister Erna Solberg som svinga innom Brevik på veg frå Arendalsuka til Oslo.

– Kva trur du dette kan bety for norsk skipsindustri?

– Så lenge vi ligg fremst på ny teknologi og er gode på å levere konkurransedyktige løysingar kjem vi til å ha ein stor verftsindustri også i framtida.

Vard Brevik kontrakt førerløst skip

Her blir kontrakten for bygging av verdas første førarlause skip signert ved Vard i Brevik. Frå venstre Svein Tore Holsether, Yara, Magne Bakke, Vard og Geir Håøy, Kongsberggruppen. Bak står Lars Ivar Bøe, Vard, statsminister Erna Solberg og ordførar i Porsgrunn, Robin Kåss.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Glad dag i Brevik

I ettermiddag vart det kjent at Vard i Brevik har fått oppdraget med å bygge verdas første autonome skip.

Lars Ivar Bøe

Ein glad verftsdirektør Lars Ivar Bøe.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Det er ein stor dag i Brevik, og vi gler oss til å ta fatt på dette spennande prosjektet, seier verftsdirektør Lars Ivar Bøe i Vard Brevik.

I fyrste rekkje får verftet ein ny kontrakt som sikrar arbeidsplassane i to år framover.

– Vi er veldig stolte for at vi har fått tillit av Yara for å vere samarbeidspartnar i dette prestisjetunge prosjektet som har banebrytande ny teknologi, seier Bøe.

Går berre på batteri

Vard i Brevik har fått kontrakten i konkurranse med nasjonale og internasjonale verft. Marin Teknikk A/S i Herøy i Møre og Romsdal har teikna skipet, og Kongsberg-gruppen skal levere teknologien, altså sensorar, kontroll, kommunikasjon og elektriske system om bord i "Yara Birkeland".

Geir Håøy, Kongsberggruppen

Geir Håøy, konserndirektør i Kongsberggruppen.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Konserndirektør Geir Håøy seier dette er ei veldig viktig prosjekt for Kongsberggruppen og for norsk maritim industri.

– Vi har ambisjonar om å vere verdsleiande innan den maritime sektoren når det gjeld teknologi.

Skipet skal gå mellom Herøya, Brevik og Larvik, og skal frakte containerar, og erstatte trafikk med store lastebilar langs vegane.

– Det blir eit heilelektrisk skip som styrer seg sjølv, og som skal gå utan mannskap på sikt. Etter at skipet er levert skal det bruke om lag to år på å bli autonomt, det vil seie sjølvstyrande, seier Bøe.

Tok ein telefon til Kongsberg

Den tidlegare finans- og logistikksjefen ved Yaras fabrikk på Herøya, Bjørn Tore Orvik, blir rekna som den viktigaste drivkrafta bak Yara si satsing.

Prosjektleder Bjørn Tore Orvik

Prosjektleiar Bjørn Tore Overvik i Yara.

Foto: Anne Cathrine Syversen / NRK

I januar blei han tildelt Enovaprisen 2018. For to år sidan tok Bjørn Tore Orvik ein telefon til Kongsberggruppen for å sjå om det var mogleg å bygge eit slikt sjølvgåande skip.

– Det er fantastisk å ha vore med frå ideen blei skapt til det no verkeleg blir bygt eit skip.

Orvik er glad for at det blei Vard i Brevik som skal bygge skipet.

– Dei er ein god leverandør, og har levert tenester til Yara tidlegare. På sett og vi blir det "Made in Telemark".

Prosjektleder Bjørn Tore Orvik

Prosjektleiar Bjørn Tore Overvik viser Yara Birkeland sitt nye kaiområde.

Foto: Anne Cathrine Syversen / NRK