Bygger ned lite dyrka mark
I fjor vart det bygd ned berre 21 mål dyrka mark i Telemark. Det er det lågaste talet på ti år, viser tal frå fylkesmannen. Landbruksdirektør Helge Nymoen seier at tala syner at stadig fleire forstår verdien av å ta vare på dyrka mark.