SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Helse- og sosialsjef Mimmi Kvisvik på Notodden, seier det er vanskeleg å oppfylle alle krava.
Helse- og sosialsjef i Notodden kommune, Mimmi Kvisvik. Foto: Notodden kommune.
- Vi skulle sjølvsagt ønskje at vi oppfyller alle krav til ein kvar tid. Men det er mykje arbeid å skulle tilfredstille alle krava frå styresmaktene, seier ho.
Hadde seks avvik
Og det var mange krav som ikkje var oppfylt då Helsetilsynet og Fylkesmannen hadde tilsyn på Notodden ifjor haust.
Seks forskjellige avvik blei avdekka. Ingen andre kommunar i fylket hadde så mange manglar.
Avdelingsdirektør i avdeling for helse og sosial i Fylkesmannen, Ola Fadnes, meiner dette er alvorleg.
- Både enkeltvis og i sum er dette er alvorleg, og noko kommunen må gjere noko med, seier han.
Det har kommunen til ein viss grad gjort.
Kurs i medisinhandtering
Men tilsynsrapporten har også avdekka at tilsette som ikkje har medisinsk opplæring har delt ut medisiner.
- Vi har eit stort behov for kurs i medisinhandtering. Vi har gjennomført nokon kurs, og har planar om å gjennomføre fleire kurs, seier Kvisvik.
- Vi kan forstå at kommunen treng tid på å rette opp avvika, men det burde vore gjort meir, seier Fadnes.