NRK Meny
Normal

Millionar av brukte telys blir til hundrevis av syklar

Innsamlingsaksjonen for brukte telyshaldarar tilspissar seg. Bare på Bølehøgda skole i Skien har dei klart å samle inn nærare 15. 000 telys.

Telysaksjon på Bølehøgda skole

Bølehøgda skole i Skien har samla inn mange telys i konkurransen Telysjakten.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

Kor mange det blir til slutt blir offentleg på skuleavslutninga til Bølehøgda skole før jul. Men innsamlingsaksjonen fortset til den nasjonale innsamlingsaksjonen blir avslutta i mars.

– Eg har spurt naboar, og spurt mora mi om ho kan samle inn brukte telys på jobben, seier Tuva Borgersen. Ho har samla alle dei brukte telysa i ein søppelsekk og tatt med på skulen.

– Eg samla inn 700 telys. Det første eg gjer når eg kjem heim, er å brenne telys, også har eg fått mange brukte telys av familien, seier Martin Rissmann.

På landsbasis har det per 14. desember klokka 13.30 blitt samla inn 1.897.272 telys. Det tilsvarar 271 syklar.

  • Følg Telysjakten her

– Gøy å hjelpe

Telysholdarane i aluminium har blitt samla inn hos familiemedlemmar og naboar. Dei brukte telyshaldarane går til gjenvinning og blir blant anna bruka til å lage nye syklar.

– Dei synest det er litt gøy å hjelpe. Viss vi vinn så har vi bestemt at noe av pengane skal gå til klassetur i 7. klasse, seier Guro Lilledal Andersen.

Martin Rissmann

Martin Rissmann samla inn 700 brukte telyshaldarar.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

Brukte telysholdarar hamnar ofte i søppelkassa. Tenk om dei i staden hadde blitt levert til metallgjennvinning i staden? Kor mange nye syklar kunne ha blitt laga av det?

Elevrådet starta

Med dette utgangspunktet inviterte elevrådet ved Bølehøgda skole elevane til å delta i den nasjonale Telysholderjakten.

– Vi er veldig fornøgd. Elevane har vore veldig flinke, seier Hilde Gottschal og Andrea Huuse Øwre i elevrådet.

Guro Lilledal Andersen

Guro Lilledal Andersen fortel at det er lett å samle inn brukte telyshaldarar.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

Konkurransen går ut på å samle inn så mange tomme telyshaldarar som dei bare kan heime, på skulen, hos naboen eller på kafeen i nabolaget.

– Premien er jo veldig viktig. Også er det viktig at telysholdarane kan brukast på nytt og gjenvinnast, og ikkje berre kaste det.

Beste klasse får premie

Når konkurransen er ferdig, skal klassen telje opp alle tome telyshaldarar og dele det talet på kor mange elevar det er i klassen.

Den klassen som samlar inn flest tome telyshaldarar får ein premie å 500 kroner.

I tillegg blir det delt ut premie til klassen som klarar å gjette kor mange tome telyshaldarar heile skulen har samla inn.

Telysaksjon på Bølehøgda skole

Haugen med brukte telyshaldarar blir større og større. Ved Bølehøgda skole avsluttar dei første del av aksjonen til jul.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

Slik foregår konkurransen:

  • Klassen samler inn så mange utbrente telyskopper som mulig i løpet av konkurranseperioden.
  • Den klassen som ved konkurranseperiodens utløp kan vise til flest telyskopper per telysjeger, har vunnet. Det er viktig at vi får beskjed i tilfelle antallet telysjegere endres i løpet av konkurranseperioden, slik at alle konkurrerer på like vilkår.
  • 19 fylkesvinnere belønnes med et klassesett med medaljer av gjenvunnet aluminium.
  • Den klassen som samler inn aller flest telyskopper i hele Norge, blir norgesmester og får i tillegg en klassetur til Hydros aluminiumsanlegg i Holmestrand, for å lære mer om hvordan aluminium produseres og gjenvinnes.
  • En deltakende klasse kan maks bestå av 30 elever. Alle elevene på skolen eller trinnet må veldig gjerne delta. Men vi ønsker at de deles opp i klasser / grupper på maks 30 elever.
  • Vasslekkasje på Åfoss

    På Åfoss i Skien stengde vassverket kranene i ein halv time i sekstida i kveld på grunn av lekkasje.

    Laster Twitter-innhold
  • Fagforbundets leder er gjenvalgt

    Mette Nord ble tirsdag gjenvalgt som leder i Fagforbundet. Odd-Haldgeir Larsen og Sissel M. Skoghaug fortsetter som nestledere. Valgene fant sted på Fagforbundet landsmøte. Nord. som har leda forbundet siden 2013, stilte uten motkandidat.

  • Rådyrkalven måtte avlivast

    Viltnemnda kom til Håvundvegen for å hjelpe til med ein rådyrkalv som var i klem under ein høyball. Kalven måtte dessverre avlivast, melder politiet.

  • Rykkjer ut for å hjelpe rådyrkalv

    Politiet rykkjer ut til Håvundvegen for å hjelpe ein innringar med å få laus ein rådyrkalv som er klemt under ein høyball.