Hopp til innhold

Brødreduell i første runde i fotballcupen

Det blir ein duell mellom brør når Hei møter Odd i første runde av noregsmeisterskapen i fotball for menn.

Brødreduell når Odd møter Hei i fotball-NM

BRØDREDUELL: Vegard Bergan og Espen Ruud spelar for Odd. Bak sit Anders Bergan og Simen Ruud som spelar for Hei.

Foto: Robert Hansen / NRK

Det er fire lag frå Telemark som er med i første runde. Onsdag 26. april skal Notodden spele borte mot Halsen frå Larvik. Pors får besøk av Fram frå Larvik torsdag 27. april.

Men det store lokaloppgjeret blir når Hei får besøk av Odd på Heistad.

Her blir det eit skikkeleg lokaloppgjer mellom veslebror og storebror i dobbel forstand. For på Odd spelar Espen Ruud og Vegard Bergan. På motsett side av banen møter dei Anders Bergan og Simen Ruud onsdag 26. april.

Storebror møter veslebror

Brødreduell i fotball-nm

Bakarst Vegard Bergan og Espen Ruud på Odd. Framme Anders Bergan og Simen Ruud på Hei.

Foto: Robert Hansen / NRK

For Espen Ruud blir det eit gjensyn med gamlelaget.

– Det blir sjølvsagt spennande. Det blir gøy å spele ein kamp på Heibury mot Hei. Eg håpar det kjem mange på kampen og at det blir god stemning der.

Espen Ruud håpar på publikumsrekord. Men han trur ikkje Hei har ein sjanse til å slå Odd.

– Nei, dei har ikkje det. Men det kan jo bli litt spenning i kampen.

Og på banen kan han møte veslebror Simen på Hei.

– Så får vi sjå om han tør å spele venstrekant. Han er eigentleg høgre kantspelar. Og eg er høgreback, så får vi sjå.

Veslebror Simen Ruud seier det blir moro å møte storebroren. Han følgjer med på kampane til Odd og får med seg ein del om spelestilen.

– Vi skal spele på same kant. Det har eg bestemt meg for. Enten høgre eller venstre.

Vegard og Anders Bergan

HEIBURY: Vegard Bergan møter storebror Anders når Odd møter Hei den 26. april.

Foto: Robert Hansen / NRK

Har oppskrifta på siger

Den andre brødreduellen blir mellom veslebror Vegard Bergan på Odd og storebror Anders på Hei.

– Eg trur vi har ein liten sjanse til å slå Odd, seier storebror Bergan.

Oppskrifta er å ta leiinga tidleg i kampen, for så å legge seg bakpå og kåntre i land sigeren.

– Ein av hundre kampar tar vi.

Veslebror og Oddspelar Vegard Bergan seier det blir gøy å møte storebroren.

– Eg trur ikkje at eg har spela mot han tidlegare, så det blir første kampen der vi møter kvarandre.

Veslebroren trur det endar med siger til Odd.

– Men det blir moro å sjå om dei kan gje oss ei utfordring.

Vil lage fotballfest på Heistad

Trenar for Hei, Daniel Christensen, seier Hei ikkje har noko å tape.

– Vi kan berre sørge for å lage ein fotballfest.

Han synest det er gøy at det blir to brødreduellar i kampen.

– Men vi har også Kaasa-familien. Med Markus i Odd, faren Terje som er trenar for juniorlaget til Hei og Marius som har slite litt med skader, men han er jo med som spelar på både A og B laget til Hei.