NRK Meny
Normal

Nå blir Bratsbergbanen elektrisk

Til nå har det vore to dieseldrivne togsett på strekninga, men dei nye togsetta er ei betre løysing for kundane, sjølv om billettprisen aukar med 35 prosent.

Bratsbergbanen

BLIR ELEKTRISK: Alle tog vil frå 10. august køyre til Notodden stasjon

Foto: Christina Førli Aas / NRK

– Dette vil bety at vi fer ein betre driftsstabilitet på leveransen, som vil seie fleire tog og dermed betre føreseielegheit for kundane. Samtidig som vi fer eit meir moderne og miljøvenleg tog, seier leiaren for strekninga, Kirsti Been Tofte.

Frå opningsdatoen 10. august vil alle tog køyre til og frå Notodden. Dette er ei mellombels løysing til elektrifisering er på plass heilt fram til kollektivterminalen. Det er Telemark Fylkeskommune som vil ha ansvaret for tilbringartenesta mellom kollektivterminalen og stasjonen.

– Vi gler oss veldig til å kunne gi kundane eit betre tilbod enn det vi har gjort til nå. Det å kunne ha ein stabil driftssituasjon har vi i NSB venta på lenge og vi er veldig glad for at vi nå fer det på plass, seier Been Tofte.

Les også:

Dyrare billettprisar

Kirsti Been Tofte

Kirsti Been Tofte trur ikkje prisaukinga vil ha noko innverknad på om kundane

Foto: Jan Gulliksen / NRK

Denne endringa på Brattsbergbanen fører til at billettprisane aukar med 35 prosent.

– Grunnen til prisaukinga er at det er inngått ei ny trafikkavtale mellom staten, NSB og fylkeskommunen, og det er rett og slett fordi prisane ikkje har vore justera på mange år og at det er kostnader som må dekkast. Vi får nå ei harmonisering av billettprisane med det andre takstsystemet som NSB har, fortel ho.

Kirsti Been Tofte trur ikkje prisaukinga vil ha noko innverknad på om kundane vil bruke tilbodet eller ei. Ho oppfattar kundane som veldig glade for utviklinga av Brattsbergbanen, og ho er overbevist om at kundane ikkje ser dette som noko stort problem.

Måndag 10. august klokka 12.30-13.30 blir det ei offisiell markering på Notodden stasjon, der det inviterast til gratis togtur på strekninga heile dagen. I tillegg byr NSB på is, pølser og underhaldning med musikk frå "Norske menn i hus og hytte".