I heile landet har det vore 1831 brannar i skog eller utmark, og brann i gras og innmark fram til 31. juli i år.
Det viser tal frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). Berre i juli blei det meldt om 806 brannar, og det er Telemark som har hatt flest brannar i juli.
Til samanlikning var det til saman 1078 brannar i heile fjoråret.
Vil ha permanente branngater
Brannsjef i Tinn, Ken Espen Drager, ytra sine tankar om framtida på Tinn Brannvesen sin twitterkonto.
Drager seier at reguleringsplanane gjerne tar omsyn til flaum og ras. Men i framtida kan det bli like viktig å finne løysingar for å avgrense skogbrannar i nærleiken av hytteområde og bustadfelt.
– Så kanskje vi også må tenke på å lage branngater.
Han meiner dette kan vere lurt å tenke gjennom, sjølv om klimaforskarane er ueinige om det som har skjedd i år er eit resultat av endringar i klima, eller ein naturleg syklus.
Skal drøfte tiltak
Drager meiner slike branngater vil likne på dei gatene i skogen som er rydda for kraftleidningar. Men det kan også vere andre løysingar, og kvar kommune må å sjå på kva som er mogleg.
– Det er ikkje for å skremme nokon. Men viss det blir slik at somrane framover blir ekstremt tørre, så bør ein ha i bakhovudet at det kan ta fyr.
Direktør Cecilie Daae i DSB trur det vil bli meir ekstremvêr også i tida framover med tørke og skogbrannfare. Ho rosar brannsjefen for det faglege engasjementet.
– Sjølv om vi har hatt ein ekstrem sommar i år, så er det for tidleg å trekke konklusjonar ut frå dei erfaringar vi har frå skogbrannar i år.
Ho seier at DSB vil drøfte tiltak som etablering av branngater rundt hytter og bustadområde med fagmiljøet.
Krav til vegetasjon
– Det er ikkje tvil om at eigarar av hytter og hus som ligg nær skog og mark bør vurdere behovet for å rydde skog og vegetasjon i området rundt husveggane. Det vil hindre ein brann frå å spreie seg frå vegetasjonen til bygningane.
Når det gjeld førebyggande tiltak som å vurdere branngater i reguleringsplanar der det blir bygt hus og hytter, så viser Daae til andre land, som til dømes USA, der det blir stilt krav til vegetasjonen.
– Vi er førebels i høgste beredskap. Men vi skal legge til rette for gode prosessar for kva vi må tenke på i framtida, og kva vi har erfart denne sesongen.