Hopp til innhold

Brannen kunne vore unngått

Skogbrannen ved Hjuksebø i Telemark kunne vore unngått om godstoget hadde bremsa på ein annan måte.

Ny brann Hjuksebø

Eit godstog som bremsa var truleg årsaka til skogbrannen ved Hjuksebø.

Foto: Roar Amundsen

Transportfirmaet Cargolink køyrde godstoget som truleg var årsaka til tre skogbrannar langs Sørlandsbanen natt til laurdag.

Cargolink opnar no for at dei burde bruka ein annan bremsemetode. Vanleg bremsing kan gje kraftige gnistar og føre til brann.

Kunne brukt nettbrems

Cargolink meiner det kunne vore bruka ein såkalla nettbrems med all den tørre og brennbare vegetasjonen som er på strekninga.

Ein slik metode brukar toget sin elektriske motor til å bremse, og det er ein metode som ikkje lagar gnistar.

Thor Erik Skarpen

Thor Erik Skarpen i Jernbaneverket.

Foto: Jernbaneverket

Tryggingsdirektør i Cargo, Jan Kristian Heiberg, seier at dei vil undersøke saka, og snakke med føraren av godstoget.

– Tunge godstog må bruke bremsar. Men det går an å bruke nettbrems som ikkje lagar gnistar. Men dette er ei vurdering som føraren må gjere i kvart enkelt tilfelle, seier Heiberg.

Gnistane er truleg brannårsaka

Politioverbetjent ved Bø og Sauherad lensmannskontor, Turid Ofte Gundersen, seier at dei skal etterforske saka for å få den fullstendige brannårsaka.

Men førebels ser det ut til at det er gnistane frå godstoget som starta brannane.

Tor Erik Skarpen, pressevakt ved Jernbaneverket, seier at også dei vil sjå på kva dei kan gjere for å unngå brannar langs jernbanelina i framtida.

– Det er viktig at tryggleiken blir betre. Vi kjem til samarbeide med godsvognselskapet, politiet og andre som kan vere med på å gjere branntryggleiken betre, seier Skarpen.