Brannvesenet i Skien og Porsgrunn har rykka ut til ein brann i eit verkstadlokale i Sannivegen 28. Brannen blei meldt kl. 06.14 i dag tidleg.
Ifølgje politiet skal det vere ein bil som brenn inne i verkstaden.
Brannvesenet skal ha fått kontroll på brannen.