Hopp til innhold

Brann i lastebil på Kjørholtvegen

Brannvesenet har sløkt ein brann i ein lastebil på Kjørholtvegen i Porsgrunn. Det rauk og kom mykje sort røyk ut av køyretøyet. Fleire personar forsøkte først å sløkke brannen med brannsløkkingsapparat. Det er ikkje meldt om skadde.