NRK Meny
Normal

Brakker totalskadd i kraftig brann

Brannvesenet i Bamble rykka fredag morgen ut til melding om brann i Vest-Bamble ved Feset.

To brakker brant ned ved Feset i Bamble fredag morgen.

110 sentralen meldte på Twitter at det brant kraftig i Bamble litt før klokka seks fredag morgon.

Det var to brakker og litt skog rundt som brant, mellom 1-2 kilometer på vegen mot Valle frå Feset ved ein hoppbakke.

Eit augnevitne fortalde til NRK.no klokka kvart over seks at to brakker har brent ned.

Veit ikkje årsaka

Innsatsleiar Nils Åge Tangvald i Brannvesenet i Bamble seier at brakkene har brent ned og brannen har spreidd seg til krattskogen rundt.

Han seier at brannvesenet fekk kontroll over brannen med ein gong dei kom fram til staden.

– Det har gått med eit par hundre kvadratmeter med kratt og grass frå i fjor, i tillegg til dei to brakkene, seier Tangvald.

Brannvesenet veit førebels ikkje kva som er årsaka til brannen. Politet vil etterforske brannårsaka.

Brann Fest i Bamble

Brannvesenet har kontroll på brannen ved Feset i Vest Bamble.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK
Laster kart, vennligst vent...