Hopp til innhold

Brann i avfallsanlegg spreidde seg til skogen

Brannvesenet rykka ut til ein brann som starta på Bjorstaddalen Avfallanlegg i Skien. Brannen spreidde seg raskt til skogen ved sidan av anlegget.

Brann avfall

MYKJE RØYK: Det brenn kraftig i avfallsanlegget.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Laurdag klokka 16:30 melder 110 Alarmsentralen i Telemark at det framleis brenn i skogen rundt anlegget.

– Me er ute med helikopter jobbar hardt for å sløkke brannen, seier Odd Ragnar Vik ved alarmsentralen 110 Telemark.

Alle mannskap er ute for å sløkke brannen. Branngruppa til Raude Kross har også sendt mannskap til staden. Brannvesenet reknar med at sløkkearbeidet vil vare utover natta.

Det er tørt i området, noko som gjev brannvesenet ei utfordring.

– Me har kontroll på brannen. Men det kjem til å brenne og ryke lenge, seier vakthavande brannsjef Thor Inge Dale.

Vakthavende brannsjef Thor Inge Dale
Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Brannen starta i Bjorstaddalen Avfallanlegg i Skien og spreidde seg raskt til skogen ved sidan av. Brannvesenet jobba ei stund med å få kontroll over spreiinga.

– Det er ikkje fare for spreiing til bustadhus, seier Vik.

Det var omkring kl. 12:30 brannvesenet melde om brannen på Twitter.

– Me har fått melding om at det brenner kraftig og at det er meldt om mykje svart røyk frå staden, sa operasjonsleiar i Søraust politidistrikt, Petter Ebbesberg til NRK da meldinga om brannen kom inn.

Laster Twitter-innhold